NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 3. september 2018

Tilvenning på BLÅ


Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen (Rammeplan, 2017).

På Blå avdeling er vi godt i gong med tilvenning. Spennande dagar for både liten og stor.
Vi blir kjend med kvarandre, etablerar relasjonar og borna får knyte seg til personalet og til andre born.
Desse vekene har vi sett at borna likar seg godt både i uteleiken og på tur.
Vi har vore på fleire turar rundt i Vatne bygda - utforska den og det vi møter på vår veg. Det gjeld å ha sansane opne og å samtale om det som borna kan finne spennande og interessant.

.. Båtane på hamna ..  



..Ein katt som vart med oss på tur -skal han fange seg ein fisk skal tru.. 

.. Løvetann falt i smak ..

Tre kaniner i ein hage rett nedanfor barnehagen..


.. Få gå sjølv med ei trygg hand .. 
 
.. Elva og lydane den lagar .. 
 
Fine turar i tilvenningsperioden har vore med på å tryggje borna og gjeve oss fine opplevingar
- og fleire skal det verte gjennom året på BLÅ 😊



fredag 31. august 2018

Urpremiere av leikeplassen


Flagget til topps! Endelig vart klatrestativa våre på framsida ferdig. 
Borna hyler av glede og er no både høgt og lavt.

Deilig med nye utfordringar.
Nokre meistrar å kome seg opp. 
Medan andre trener på å få det til sjølv. 
Prøve, prøve igjen, prøve ein gong til, og vipps!
For ei mestringsglede!



Barnehagen vår er også nymåla.
Godt når ting begynner å kome på plass 😊
God helg!

fredag 17. august 2018

På tur til skuleleikeplassen


Då er vi i gang med nytt barnehageår. Og du kan tru vi har gleda oss. Nye og gamle vennskap møtast og skaper nye kjekke barnehageminner. 





I dag var dei eldste på den raude avdelinga på tur opp til leikeplassen til barneskulen. 


Vi øvde på å gå i turtau, vente på kvarandre og passe oss i trafikken. Det var ein flott tur og alle hadde det så kjekt saman! 

torsdag 16. august 2018

Nytt barnehageår 2018-2019

Velkomne til eit nytt barnehageår!


Når eit nytt barnehageår startar vert der endringar på ulike måtar. 
Nokre skiftar avdeling og nokre kjem på barnehagen for fyrste gong.
Alle får nye born og voksne å forhalde seg til.
Dei fyrste dagane og vekene er tid for tilvenning.

"Barnehagen skal tilpasse rutinar og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjonar og knyte seg til personalet og andre barn." R-plan for bhg 2017


Ute byrjar leikeplassen å ta form.
Kjempekjekt med sandkasse og vennedisse. 

Det er også spennande å sjå på "jobbemannane" som lagar ein båt og eit stort klatretårn.



mandag 6. august 2018

Deilege dagar



Sist veke kosa vi oss i det nydelige véret. Vi på Ekorna og Nøtteliten var på tur til Gurineset fleire gongar, der vi leika, åt mat og til og med duppa tåa. 


Aldeles nydelig! 





Så deilig med sommar!

torsdag 19. juli 2018

UTLYSNING: TO STK ASSISTENTSTILLINGAR


NLM barnehagene AS avd. Tryggheim Barnehage Vatne søkjer                                     
2stk BARNEHAGEASSISTENTAR (heiltid) frå 01.12.18
Tryggheim Barnehage Vatne flytta inn i nye lokale våren 2018. Frå nov/des 18 opnar vi ei ny småbarnsavdeling og treng difor nye tilsette.
Vi ynskjer at barna, foreldra og dei tilsette som kjem til barnehagen skal bli møtt med omsorg. Visjonen vår er: «Vi ser og blir sett.»

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Barnehagen vert driven med eit kristent formål, og den som vert tilsett forpliktar seg til å arbeide etter barnehagen sitt kristne verdigrunnlag, vedtekter, verdidokument og instruksar, og arbeide aktivt for å fremje målsetjinga og verdiane som barnehagen har
  • Erfaring frå barnehage er ynskjeleg
  • Du må være ein aktiv og nærværande voksen både inne og ute som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ynskjer å formidle
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevne
  • Relasjonsorientert med gode samarbeidsevner
  • Evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barna sin leik og utvikling
  • Svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Arbeidsoppgåver:
  • Assistenten har medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, for eksempel: samlingsstund, aktivitetar, frileik, rutinesituasjonar
  • I tillegg skal assistenten ha ansvar for at dei praktiske arbeidsoppgåvene blir gjennomført i samarbeid med resten av personalet i barnehagen
  • Ha medansvar for tilrettelegging for eit godt samarbeid med føresette
Vi kan tilby:
  • Fokus på kvalitetsutvikling og eit godt arbeidsmiljø
  • Ein fin ny barnehage med variert uteareal, samt at barnehagen har eit nærmiljø som gir rikeleg moglegheiter for turar utom barnehagearealet
  • 5 ordinære avdelingar
  • Eigen kjøkkenassistent
  • Lønn etter PBL tariff
  • IA bedrift
Den som blir tilsett må legge fram politiattest før ein begynner.
Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom                        
NLM- barnehagene AS
Søknadsfrist snarast og innan 01.08.18.
For spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar tlf.: 47663351
Info om barnehagen finn du på: http://tryggheimbarnehagevatne.blogspot.com/

Takk til alle som søkte! Meir info kjem til kvar enkelt av søkerane.

mandag 16. juli 2018

Hiv o`hoi det er sommar!


Fredag den 13, var det siste dag i barnehagen før fellesferien. Vi slo på stortromma og overraska barna med sjørøvar/pirat tema!


                                           



Heldige som vi er, hadde ein sjørøvar (Kaptein Ruskemikkel) vore innom barnehagen og gøymt både magiske blomster, skatt (gullpeng til dei eldste, seigmenn til dei yngste), kart, ballongar og  vann ballongar!

                              



Nokre kreative vaksne hadde stått på og laga melonskuter til avdelingane, dei var fylt med mykje god frukt!





Vi ynskjer alle små og store riktig God sommar!