NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 15. juni 2018

Ekorna på tur til leikeplassen

Fredag.
Regndråpar på nasen.
Turtau.
Undring.
Vennskap.
"Alle fugler".
Søledammar.
PLASK!
Latter.
Sølekake.
Rulle.
Disse.
Mat.
Mett.
Tull og tøys.
Trøtt.
Inn.
Klesskift.
Avslapping.
Fornøgde 😊






torsdag 14. juni 2018

Lille Larven Aldrimett på tur med Skogmusene


I dag var Lille Larven Aldrimett med Skogmusene til Gurineset. Alle var så glad for å sjå den, han helste og ga klem til alle.


Vi las frå boka om larven. Skogmusene veit at den er skriven av Eric Carle.


I dag åt larven seg gjennom 5 appelsiner. Vi såg på fargen, forma, størrelsen og telte. Kvar veks dei og kva kan vi bruke dei til?



Gjennom arbeid med mengd, rom og form skal barnehagen bidra til at barna utviklar forståing for grunnleggjande matematiske omgrep. Dei skal få leike og eksprimentere med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på.

Fagområdet omfattar leikande og undersøkjande arbeid med samanlikning, sortering, plassering, visualisering, former, mønster, tal, teljing og måling.

Rammeplanen 2017 s.53





Takk for ein fin tur!



tirsdag 12. juni 2018

JENTEBØLGEN 2018


Ein sprek gjeng som jogga og sprang Jentebølgen 2018. 
Kjekt med gode tradisjonar i eit kollegafellesskap.
😊

Skogen sitt rom for motorisk utfordring og meistring


Klatremusene har vore på tur inni skogen – i bratt og ulent terreng for å få motoriske utfordringar. Det er godt å få kjenne på kroppen kva ein klare, og kva ein trudde ein ikkje klarte - men fekk det til likevel. Meistringskjensla er fantastisk! Den gir mot, gjer ein stolt, og klar for nye utfordringar.


I tillegg var her store steinar som ein kunne klatre på. Det var ikkje plass til alle på ein gang så då måtte ein bytte på.


I skogen var det mange trekløvera på bakken. Dei ser så flotte ut. Nesten som ein sommarfugl, men ikkje heilt. Vi måtte smake på, nam nam J


Her var mange store tre som hadde velta til vår glede, så barna kunne åle seg som ein larve på eine treet. Alle var ivrige til å prøve, så ein måtte vente på tur. Der var så mykje anna spennande å finne på også – så ventinga var ikkje så keisam. 


 På eit anna tre fekk ein trene på balansen sin. Sette ein fot framfor den andre.



For ein flott tur vi hadde J

¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨
«Barna skal inkluderast i aktivitetar der dei får bevege seg, leike og samhandle med andre og oppleve motivasjon og meistring ut frå eigne føresetnader. Barnehagen skal bidra til at barna blir kjende med kroppen sin og blir bevisste på sine eigne og andre sine grenser» (Rammeplanen 2017:49)

mandag 11. juni 2018

Welcome to the jungle

Takka vere dyktige foreldre på dugnad har gjerdet på skogsområdet (nedstesida) kome på plass. Det er kjekt å få eit nytt område barna kan utforske og leike seg i. Vi kallar området for JUNGELEN J



Her er det store tre som blir brukt som sjørøvarskip, hus, gøymestad og til å klatre i. 


Der er mykje liv på bakken også. Mange rare og flotte insekt vi kan studere.


Vi har også funne trekløver – og dei har vi smakt på. Litt surt, men godt.


I jungelen er det eit bildekk. Det er så gøy når det trillar fort ned bakken, men då må vi skrike ut om det er klart først, sånn at vi ikkje triller dekket på nokon. 


Tusen takk til foreldra som bidrog! Vi har det supert her i jungelen J


«Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna» (Rammeplanen 2017:11)

fredag 8. juni 2018

SKOGMUSENE PÅ TUR TIL ULSTADSÆTRA 7. JUNI 2018

Turdagen vår i dag skulle gå på opp mot Ulstadsætra, vi skulle sjå kor langt vi kom. 
Alle vognene var komt på toget og vi gjekk av gårde.


Det var mykje spennande å sjå på undervegs. Både maura som kraup, rose som skal bli til nype, andre blomster og løvetann vi måtte blåse!!




Det var til og med blomster som skulle bli til markjordbær, tenk det då!




Vi sette oss på ein benk, såg på himmelen og kanskje husa våra, medan vi venta på kvarandre. Det var mange plasser vi måtte stoppe og klatre, på berg eller trestammer. Hoppe måtte vi også!


Det er godt å ha ei hand å halde i når ein er på tur. 


Vi kom opp på sætra!! Kjempeflinke å gå alle saman. 
Og vi måtte sjølvsagt skrive namnet vårt i boka.



Nokre hadde vore der før og ville opp til det Store vatnet (Ulstadvatnet). Vi snakka om at det var drikkevatnet vårt, og at der var ei hytte ute på vatnet kunne nokon fortelje. Spennande! Dit ville alle, helst no, med ein gong.



 Vi åt den gode nista vår, før vi leika meir på sætra.


Ko-ko, sa det. Tenk det var gauken som gol!   Det var ikkje alle som hadde høyrt før og vi måtte synge «Jeg gikk en tur på stien»

Det var ein kjempefin tur og spreke Skogmuser, kven skulle trudd dette i haust??
Vi har hatt ein flott og spennande tur, der vi har brukt kroppen vår, leika og undra oss i lag!


Barnehagen skal legge til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring.

(Rpl:52)


mandag 4. juni 2018

Spreke Revar på tur til Ramnfloget

Onsdag 30.mai kom vi oss avgarde.
Turen starta med buss til Tennfjord skule. Vidare gjekk vi opp mot hovedvegen og gjennom ein undergang/tunnel. Vi sang "Alle fuglar" i tunnelen, og det vart så høg og rar lyd. 


Så fann vi stien med raude merker som gjekk heilt opp til Ramnfloget. 

Vi måtte klatre i berg og gå over bruer for å kome fram. 


Vi såg mykje fint og spennande på turen: 
blomster, maurtue, sommarfuglar, insekt og ein frosk! 


Vi kosa oss med mat og drikke på toppen.


På veg ned igjen tok vi stien til Ravn stadion. 
Der hadde mange av Revane gått før.


Ein fantastisk solskinnsdag med flotte Revar!
....................


Barnehagen skal gi barna tilgang til varierte og utfordrande rørslemiljø, sanseopplevingar og kroppsleg leik ute og inne, i og utanfor barnehageområdet.(Rpl:50)