NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 12. juni 2018

Skogen sitt rom for motorisk utfordring og meistring


Klatremusene har vore på tur inni skogen – i bratt og ulent terreng for å få motoriske utfordringar. Det er godt å få kjenne på kroppen kva ein klare, og kva ein trudde ein ikkje klarte - men fekk det til likevel. Meistringskjensla er fantastisk! Den gir mot, gjer ein stolt, og klar for nye utfordringar.


I tillegg var her store steinar som ein kunne klatre på. Det var ikkje plass til alle på ein gang så då måtte ein bytte på.


I skogen var det mange trekløvera på bakken. Dei ser så flotte ut. Nesten som ein sommarfugl, men ikkje heilt. Vi måtte smake på, nam nam J


Her var mange store tre som hadde velta til vår glede, så barna kunne åle seg som ein larve på eine treet. Alle var ivrige til å prøve, så ein måtte vente på tur. Der var så mykje anna spennande å finne på også – så ventinga var ikkje så keisam. 


 På eit anna tre fekk ein trene på balansen sin. Sette ein fot framfor den andre.



For ein flott tur vi hadde J

¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨
«Barna skal inkluderast i aktivitetar der dei får bevege seg, leike og samhandle med andre og oppleve motivasjon og meistring ut frå eigne føresetnader. Barnehagen skal bidra til at barna blir kjende med kroppen sin og blir bevisste på sine eigne og andre sine grenser» (Rammeplanen 2017:49)