NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

Viser innlegg med etiketten Indonesia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Indonesia. Vis alle innlegg

lørdag 21. november 2020

Gul på verdensreise

Sidan veke 40 har alle dei små på Gul vore på ei verdensreise. Vi forstår ikkje heilt at Indonesia er eit eige land eller kvifor dei har anna flagg enn oss... 

MEN at dei har mange kule dyr er det ingen tvil om; krokodille, aper, tiger og delfin er vel dei dyra vi har blitt mest glad i! Dei både brøler og nikkar, og enkelte fuglar dansar på filmen som Silje-Beathe har laga: søk gjerne opp "dyr i Indonesia" på YouTube. Den har vi sett myyyykje på! Og er veldig glad i.💛


Vi har høyrd om han Linkus og at han skal lære dei i Indonesia at det er viktig å vaske hendene med tanke på Corona og hygiene generelt, og at det er like viktig at vi på Gul og i Norge gjer det! Om Linkus treng hjelp til handvasklæring til andre må han gjerne ringe oss, vi er ganske drevne no 😉



I ei av samlingane bada vi også Linkus, alle skulle vaskast skal ein vite!

Ellers har vi laga tigerar og flagg, høyrt indonesisk sang, vi har vore på flytur tur-retur Indonesia (vi veit ikkje om alle var med heim, det var spennende i Indonesia!) og eigentleg hatt ei fin periode med tilvenning oppi det heile 😁

søndag 25. oktober 2020

GRØN AVDELING LAGAR VULKAN

No når vi held på med misjonsprosjektet vårt og blir kjent med Indonesia, så har vi lært at der er det mange vulkaner. Og at det har vi ikkje på Vatne. Men kva er eigentleg ein vulkan?? Dette måtte vi på forske på. Då trengte vi bakepulver, zalo, konditorfarge og eddik.

Anja forklarte oss kva ein vulkan er, at øvst er det eit hol som ein kallar krater og langt, langt, langt nede i fjellet er det magma. Det er flytande, smelta stein og når det blir eit høgt trykk og det kjem opp til overflata då blir det lava.

Alle samarbeidde og laga vulkanfjell i sandkassa og etterpå laga vi krateret på toppen av fjellet.




Vi var veldig spent på om det kom til å skje noko når vi hadde nedi blandinga vår. Og vi måtte gå litt unna, for lavaen er veldig, veldig varm!!

Etter ei lita stund kom det lava opp frå krateret på vulkanen vår! Oj, tenk det! No hadde vi samarbeidd og laga vår eigen. Fokusorda våre var magma, lava, krater og vulkan. Seinare såg vi bilde av vulkaner og såg røyken som steig opp frå vulkanen.

(R.pl. « får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover»)

søndag 18. oktober 2020

Smoothie - vi blir kjend med frukter dei har i Indonesia ! 🍍

Under lunsjmåltidet på fredag 16.okt hadde barna på Raud avdeling ei samling der dei vart betre kjende med frukter dei har i Indonesia. Helen (Espelid Hovig 😉) viste oss ulike frukter og vi fekk både sjå på, lukte og smake. 

Melon var tung å halde og den var gul. Ananas lukta godt, og hadde hardt skal. Både melon, ananas og mango var gul - appelsin var oransje.


Så delte Helen frukta opp i bitar og hadde den i blenderen saman med litt eplejuice. 
Den laga masse lyd! Nokre måtte halde seg for ørene..


Alle fekk smake smoothie av frukta. Mange syntes den smakte godt!

Ei annleis og kjekk samling. Eit innhaldsrikt lunsjmåltid som auka apetitten til både store og små!  


Måltid og matlaging i barnehagen skal gi barna eit grunnlag for å utvikle matglede og sunne matvanar
(Rammeplan for barnehagen, 2017).

fredag 2. oktober 2020

GRØN AVDELING REISER MED FLY TIL INDONESIA

Vi på Tryggheim barnehage, Vatne er med på Barnas Misjonsprosjekt og dette året samler vi inn penger til NLM sitt arbeid i Indonesia. Pengane skal mellom anna gå til:    

·      Førebyggande helsearbeid blant barn, der dei får opplæring i hygiene og handvask.

·      At barn på barneheimar skal få ein betre kvardag.

·      At fleire barn skal få høyre om Jesus.

For å bli litt betre kjent med landet, såg vi på globusen vår. Kvar Norge er og at heilt på den andre sida av jordkloda låg Indonesia. Og at alt det blåe var hav og det andre var land, at Indonesia består av mange store og små øyer.


Til Indonesia er det veldig langt å reise og nokre av oss vart litt bekymra om vi ikkje kom heimatt, slik vi kunne ligge i senga vår. Men vi lovde at det skulle vi og at vi skulle reise med fly! Vi «køyrde» til Vigra og der fekk vi flybillettane våra. På kvar flybillett stod det eit tal og ein bokstav, det var stolen vår på flyet. 

Når alle var komne om bord i flyet, funne plassen sin og festa setebeltet, ønskte flykapteinen velkomen om bord og den spanande reisa til Indonesia kunne starte.


Det er veldig langt å reise, men for å bli litt betre kjent med landet vi skulle til, såg vi på film frå Indonesia. Der er veldig mange øyer, regnskog der orangutangen bor, der er vulkanar og vi såg kor lavaen spruta. Og vi såg skite vatn, som dei vaska seg i og drakk. Det veit vi på Grøn, at då kan ein bli låk i magen!! Vi samanlikna det norske og indonesiske flagget, at det indonesiske har ei raud og ei kvit stripe.



Sidan det var så langt å reise var der flyvertinner som serverte mat og drikke. 



Det var ein veldig fin flytur, men so måtte vi reise heimatt til barnehagen, slik vi var der når vi vart henta. Men vi gler oss til å bli betre kjent med Indonesia og vere med på å hjelpe dei.