NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 24. august 2016

Den fyrste turen til Raudrevane

Fredag 19.8 gjekk vi på tur til Gurineset. Gruppa var noko redusert, nokre var sjuke og nokre hadde fri så det var ei lita gruppe på tur. No når vi held til på bedehuset er dette ein enda kortare tur enn tidlegare, men vi får mykje god motorisk trening likevel. Og vi gjer oss kjende med det nye nærområdet vårt.

Vi fant noko spanande når vi grov       

i sanden, du ser det på skaftet til spada.
Det var noko som endra form frå oval til ein lang strek. Tru kva dette kunne vere?
For å kunne studere det betre, løfta vi
det over på eit papir vi fant. Det var artigå sjå korleis den endra form. 
Kva det var, er vi ikkje heilt sikre på, kanskje ei lita igle?




Vi kosa oss og plukka blomar, laga bokstavar og teikningar i sanden. Laga bilete av ulike blader og blomar som vi fant, klatra på den store steinen, studerte insekt og andre kryp, og leika i vasskanten. Vi skulle ikkje gå ut i vatnet, men det var litt vanskeleg å motstå den lysta. Det gjeng heldigvis bra å bli litt våt når temperaturen er fin.








Kvifor vert det vatn i gropa når ein grev hol nært Vatnevatnet?



På turane vil vi leggje vekt på å undre oss i lag med barna. Nokre gongar kan vi gje dei svar på spørsmåla deira, andre gongar vil vi saman prøve å finne svaret eller berre å filosofere saman. Det er mykje god språktrening i å setje ord på tankane sine. Når vi er på tur får vi i tillegg bruke sansane våre, både syn, hørsel, den taktile sansen i huda vår og likevektssansen får mykje stimuli ute i naturen. Og nokre gongar brukar vi og smakssansen vår, t.d. når vi smakar på gauksyre. Og kroppen vår får god motorisk trening, difor vil vi leggje vekt på å vere mykje på tur det komande barnehageåret.