NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 12. november 2014

Revane og Harane på tur til Angelsneset (man 10.11.14)

Mål for turen:
  •          At barna får gode erfaringar med friluftsliv og uteliv om hausten
  •          At barna får kunnskapar om eit sunt kosthald
  •          At barna får kunnskap om korleis dei skal te seg ved bål, og ved sjøen.
  •           At Revane og Harane får felles opplevingar og moglegheit til å leike i lag.

 Harane har vore her fleire gonger, men for Revane var dette eit nytt turmål.

I dag var floa veldig høg, og det var
spanande å utforske fjøra. Dei fant bla. ein brennmanet og sjøsniglar, 
og det var kjekt å halde på med 
hoven J



Nokre av Revane var med og laga tomatsuppe på bål. Då fekk dei bruke luktesansen og taktilsansen ved å lukte og kjenne på ingrediensar som løk, kvitløk, hakka tomatar, basilikum, pepar m.m., og dei fekk nytte auge-hand-koordinasjonen når dei skar opp pølser, og rørte i gryta før vi sette den på bålet. Då vart det så varmt at ein vaksen 
måtte gjere resten.




Dei andre heldt på med diverse songleikar der barna fekk bruke fantasien sin, til å hjelpe "bonden" med å finne igjen hua si. J