NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 27. februar 2020

Edderkopp-fest på Gul og Blå


Den kjente barnesongen om "petterkopp" er mykje brukt på Gul og Blå avdeling. Stadig dukkar edderkoppen opp av boksen sin og vil helse på gjengen. Skrekkblanda fryd! Denne månaden var det Gul sin tur å invitere Blå på besøk. 

                                       


I forkant fekk borna kvar sin papirhatt som dei skulle trykke handavtrykket sitt på.
Vi samla gjengen på Gul og hadde ei fin samling om edderkoppen, denne gongen fekk både den vesle og den store edderkoppen lyst å helse på oss.



Lille Petter Edderkopp han klatra på min hatt.
Så begynte det å regne og Petter ned han datt.
Så kom sola og skinte på min hatt.
Da blei det liv i Petterkopp som klatra på min hatt.

tirsdag 25. februar 2020

Treng barnet ditt Barnehageplass frå hausten 2020?

Tryggheim barnehage ligg mitt i sentrum av Vatnebygda.
Det er kort veg til fjøra, fjellet og Vatnevatnet.
Vi besøkjer ymse gardar i bygda. 
Både store og små nyttar nærområdet aktivt.
Det er kjekt å dyrke litt av maten vi et.
Barnehagen har utvida Kristen formålsparagraf.
Dei to eldste kulla får vere med til kyrkja både 
på Jule- og Påskevandring.
Vi har ulike tema gjennom året, her frå Brannvernveka.
Bursdagsfeiring på barnehagen vår set bursdagsbarnet i sentrum. Vi feirar med flagg, bursdagssong, krone og ellers legg vi feiringa opp etter barnet sin alder.
Her er bilete frå ei feiring ute.
Ei hand å halde i...
Vi vil at barna skal kjenne seg trygge i barnehagen. 
Tryggleik og trivsel er grunnlaget for all positiv utvikling.

Ynskjer du å søkje barnehageplass?
Søknadsfristen er 1.mars 2020.

Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt på 96948829 eller på e-post tryggheim.vatne@nlmbhg.no

mandag 24. februar 2020

Den stOre snøballen – ei praksisforteljing frå Blå avdeling


Måndagsmorgon og snøen hadde lagt seg som eit kvitt teppe på uteområde. Vi skulle dele oss i to grupper, og eine gjengen skulle ut og leike med den nye etterlengta snøen som hadde kome.
På Blå avdeling står empati og korleis vere med kvarandre på planen, og vi skal nytte utetida som eit verktøy for å jobbe med dette.
Korleis kunne vi flette dette inn i vinterleiken vår?

Då vi kom ut knadde den vaksne ein snøball i hendene sine, og byrja rulla den bortover snøen. Den vaks og vart større, og fleire born ville hjelpe til. Så bra!


Det gjekk lettare når vi jobba saman, men utfordringar var det. Vi måtte trille same vegen, og vi måtte lage plass til alle som ville vere med. Vi skulle ikkje skubbe kvarandre, men saman skubbe på snøballen og sjå kor stor vi fekk den.


Ein av gutane var ivrig å hjelpe til, og han ville vi skulle trille snøballen, som no var ganske stor, opp over ein liten kant. Den vaksne og guten skubba på ballen, men den rikka seg ikkje. Dei måtte ha fleire hender å hjelpe til!

- Kan du spørje om nokon vil hjelpe oss? Spurte den vaksne guten. Ja, det ville han!
Ein anna gut kom til og hjelpte, men den rikka seg ikkje! Dei trong meir styrkje, og spurte eit born til. Jenta ville heldigvis hjelpe til! Dei samarbeidde og då gjekk det, alle borna på gruppa trilla snøballen saman, gjennom snøen – og den vart endå større!


 Store smil og nøgde fjes, som jobba saman og kjende på meistring.


Tenk, snøballen vart nesten like stor som borna sjølve! 


Så vart den måla i fine fargar, dette vart og gjort i samarbeid.


Tenk alt vi klarar når vi jobbar med kvarandre – og ikkje imot.


 Barnehagen skal vere ein trygg stad å vere, der borna får prøve ut ulike sider av samspel, fellesskap og vennskap. Borna skal få støtte til å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler. Vidare skal barnehagen vere ein arena for fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna .

(Rammeplan for barnehagen, 2017).

lørdag 22. februar 2020

Klatretreet vårt

Gjengen på Grøn avdeling er ein aktiv gjeng. Fysisk fostring er viktig for både kropp og sjel. 
Her får vi trent på balanse, styrke og koordinasjon. Ikkje minst er det fole kjekt!  
Og kor laaangt vi ser! 😊

fredag 21. februar 2020

Misjonsprosjekt om Mongolia på Blå avdeling


Vi ser på film (Superblink):  Linkus besøker Mongolia. 



Vi laga hestar. Dei blir mykje brukt i Mongolia.


Skumleik med gruppe 2 på Blå avdeling


Onsdag (19.feb) var gruppe 2 på Blå avdeling ute og leika med vatn. Lillian, som er student, hadde planlagt leikeaktiviteten. Lillian og Anita laga skumvatn av Zalo i sølepytten som var ute. 
Barna leika seg med bøtte og spade for å samle skummet. 

Vi blåste også såpebobler og fleire av barna fekk prøve. 

            

I rammeplanen 2017 står det: «Alle barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen, og få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling».

torsdag 20. februar 2020

SAMISK VEKE – RAUD AVDELING


Torsdag 06. februar markerte vi Samefolkets dag her i barnehagen. Gjennom heile veka hadde vi fokus på Samane og ulike aktivitetar knytt til Samane.



Vi kasta lasso;




Vi måla det Samiske flagget i snøen;


 


Vi lagde Samiske hattar og hadde "ein lavvo" på avdelinga;

 

Utan om dette joika vi mykje gjennom heile veka, og avslutta det heile med ein tur til Gurineset kor vi hadde den siste samlinga om Samane og kosa oss med bål og grilling av pølser!

                          



«Barnehagen skal la barna få kjennskap til fortellingar, tradisjonar, verdiar og høgtider i ulike religionar og livssyn og erfaringar med at kulturelle uttrykk har eigenverdi. Barnehagen skal skape interesse for samfunnets mangfold og forståelse for andre menneskers livsverden og levesett»
-        Rammeplan for barnehager, 2017, s. 54-55.