NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 12. august 2019

«Det spirer og gror» i Tryggheim barnehage august 2019


I vår var det ivrige barn som hadde god jord i pallekasser, vatna, planta frø og sette poteter bak barnehagen. Det var gulrot, reddik, neper og sukkererter. Vi såg på dei bitte små frøa og dei som var litt større, skulle det virkeleg bli skikkelege grønsaker??




Vi samarbeidde og sådde.



Og tenk at frå ei sånn mammapotet kan ein få mange poteter, 
det er nesten ikkje til å tru!


Men det gjekk ikkje lenge så byrja det å vekse og vi måtte vere flinke å vatne, 
for det treng dei for å vekse. Og så håpte vi på mykje sol og varme.


Nokre av oss var tilbake etter ferien og då var vi spent på korleis det hadde gått med grønsakene våre.


Der var små gulrøter, dei var litt for små og dei sette vi forsiktig ned i jorda igjen. Det gjorde vi med nepene også, men det var sukkererter og dei var berre knallgode!! Både alle ertene som var inni og skalet utanpå.




Reddikane vaska vi litt og smakte på, det var litt anna smak.
No er vi veldig spent på potetene om der er mange potetbarn nede i jorda og alt vi skal lage av potetene. Koke dei, potetstappe, steike dei inn i omnen, potetgull, chips og sikkert mykje anna.

R.pl.: «Barna skal få undersøkje, oppdage og forstå samanhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt». s.22

tirsdag 9. juli 2019

Tryggheimdamene på Blåtur!


Fredag 28.06 var det klart for årets happening! Diverre fekk ikkje alle denne turen med seg då nokre har starta på sommarferien. Randi, Anja, Silje og Henriette var ansvarleg for årets planlegging. Fleire veker har denne planlegginga pågått, og til meir vi nærma oss, til meir nysgjerrige vart gjengen på huset. Alle fekk eigne invitasjonar i forkant der dei var førebudd på avreise, og kva dei måtte pakke i sekken. Mykje det same, men alle fekk ei eiga oppgåve til kvelden. Det var alt frå å lage ein quiz, ta med noko søtt til kaffi, og nokre måtte ta med eit par rullar med do papir. I sekken skulle alle pakke med seg klede til veret, drikkeflaske og gode sko, sitjeunderlag, handduk, lesebriller og godt humør. Kor skulle denne turen gå mon tru?

Nysteikt brownies og nøye planlegging i forkant.

Så fornøgd med t-skjortene! (Stor takk til trykkedama vår <3 ) 


 Før vi reiste frå barnehagen møtte alle på pauserommet. Der var det pølse i brød servering, og noko sprudlande frå maskina vår. Gjengen fekk utdelt ei eiga t-skjorte med trykk, og ein konvolutt til kvar bil. Dei måtte sjølvsagt pusle litt for å finne ut kor vi skulle reise. Forslaga var mange, både tur til Paris, Spania, firmaspa og……….













Men vegen bar til Kirkegata i Ålesund. Der fekk dei utfalde seg i Ålesund Escape Games. 




Tryggheim barnehage, Vatne består av dyktige damer, så ingen overrasking at alle løyste kodane og kom seg ut av både «Prison» og «Mafia». Godt samarbeid og kloke tankar var nok nøkkelen.



Frå St. Olavs plass gjekk vegen vidare til Byparken og det store apeskrekk treet. 
Der vart det ei etterlengta (for nokre) treningsøkt med Henriette i spissen. 


Etter god oppvarming gikk vi trappene til fjellstua. 
Alle kom seg til topps, og medalje for gjennomført vart plassert rundt halsen. 

 




Uttøying i parken før vi skulle til Burger King Drive thru. Nokre var svoltne, andre var tørste. Vi susa oss vidare til Reset på Krogsætra. Der fekk vi kvar vår ballong, og konkurranse instinktet slo til med dei fleste. Den som sto igjen med ein ballong til slutt vant. Vi var raske i bilane igjen, då det kom ei voldsom regnbye. Nokre hadde allereie knekt koden på kor kvelden skulle avsluttast, andre var klare for å køyre vidare.


Rett over vegen sto Vatne/Tennfjord Røde Kors hytta klar til oss. Med tente lykter og fyr i peisen fekk vi ein fin kveld. God mat, kjekke songar og quizar, nokre talar, og eit særs godt humør heldt vi på i timane utover.

Så kjekt å få vere sosial utanfor barnehage gjerdet. J
Turkomiteen takkar for laget og ynskjer gjengen vår riktig god sommar! J

søndag 30. juni 2019

Grå og Raud avdeling hadde Taremareby-avslutning i fjøra


Etter Påske har Grå og Raud avdeling hatt temaet Taremareby, og vi har i løpet av den tida blitt kjent med forteljinga av Ingebrikt Davik, vore på utforskartur og blitt kjent med livet i sjøen.



Torsdag 27.juni gjekk vi samla ned til fjøra for å sette eit siste punktum for temaet. 
Vi hadde laga bingo og var klar for å leite blant fjøresteinane.

Kanskje vi finn krabber, tangloppe, ulike typar skjell og tang?


Vi måtte samarbeide for å finne krabber og andre spennande sjødyr. 
Ein løfta stein og tare medan andre stod klar for å fange.



Etter at vi hadde samla inn, så la vi det ved bingolappen.


Vi samla og sorterte.


Vi fann ein del søppel også i fjøra. Det kasta vi i boss!


Etter mykje leiting, utforsking og undring så var det godt med ein matpause og ein liten kvil før vi tok beina fatt opp igjen til barnehagen.

Barna skal få oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen (…) og få kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utvikle respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen.
(Rammeplanen for barnehagen 2017)



onsdag 19. juni 2019

Magisk sykkeldag!!

Fredag 14.juni slo Grå og Grøn seg saman heile dagen i det superfine været! Vi starta dagen med magisk sykkeldag, der vi fekk sykle rundt og rundt heile barnehagen. Kjempekjekt! Vi var flinke å stå i kø borte med købenken, der vi bytta på kven som skulle ha dei ulike syklane etter å ha sykla på dei 5 runder kvar.  






Vi brukte alle syklane vi hadde. Vi susa rundt med sparkesyklar, sykkel uten trøe, «bussen» som vi hadde passasjerar på, og dei vanlige syklane med trøer.

 



 

Vi var kjempeflinke til å samarbeide! Ein satt på, medan ein trødde og ein skudde bak.



Godt med litt kaldt vatn i varmen! Vi hadde laga til ein drikkestasjon undervegs. 



Litt smøring undervegs med solkrem måtte til den dagen.

 

Sjå kor heldige vi var! Nokre av barna hadde vore på biblioteket, 
og når dei kom tilbake i barnehagen hadde dei med seg ein overraskelse til oss.

 Jippi, vi fekk is!  
Vel fortjent etter all syklinga rundt barnehagen i dag. 
Vi hadde ein kjempekjekk dag ilag alle Grå og Grøne. 

torsdag 13. juni 2019

Finfin fredag for Blå avdeling :)







Blå avdeling gjekk fredag 7.juni på tur bort til gamle bedehusbarnehagen, og det supre inngjerda leikeområdet med sandkasse, sklie, mange fine tre og eit ulendt terreng som er godt egna for god grovmotorisk trening. 

                    





Litt trening fekk dei også i trappa ned og opp i frå leikeområdet. Her var dei flinke å vente på tur, slik at alle fekk gå i sitt tempo og på sin måte. Nokre syntes nok trappa var litt skummel, men med god oppmuntring kom alle seg både ned og opp :) 


I sandkassa var det også leiker barna fekk bruke. 


Mange fekk også god fart i sklia, så det var jammen bra der stod ein trygg vaksen og tok imot. 





På leikeområdet nede i skogen fekk barna utforske området noko dei syntes var veldig spanande. Nokre av dei gjekk fram og tilbake, medan andre fant roa på ein stad etter litt utforsking. 

Vi hadde med andre ord ein spanande og innhaldsrik tur som vi var enige i at den måtte gjentakast seinare :) 

lørdag 8. juni 2019

Snigel på Blå



Ingen barnemark, men snigel har vi på Blå!
God helg til store og små

Undretur med ei gruppe frå Raud avd


Borna har denne veka vore på tur i nærmiljøet og den lokale butikken. 
Borna er flinke til å samle flasker som blir liggende igjen i naturen. 
No var det tid for å pante  flaskene på butikken. 
På vegen møtte vi på ein flott lastebil som fenga interessa til borna. 
Og vi måtte berre stoppe å undersøke!


Det viste seg at lastebilen var stapp full av varer som skulle inn i butikken. 
Vi såg mellom anna pizza, blomster og masse cola som vart frakta inn i lageret til butikken. 



Borna var svært imponert over lastebilsjåføren som kom med lass på lass med varer! 
God underhaldning var det! 


Tenk at lastebilsjåførane køyre rundt i heile Noreg å fyller på varer i alle butikkane våre! 
Vi er jammen heldige!