NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 12. november 2018

Tur til skulen sin Gapahuk



På torsdag var ei gruppe frå Raud avdeling på tur 
til skulen sin gapahuk.
Dei var flinke til å gå i turtau, og jobba hardt for å
kome opp dei bratte bakkane på små fota!
Vi måtte kvile av og til.

På vegen såg vi søppelbilen, 


ein tøff traktor 

og ei flott utsikt over Vatnebygda!
I gapahuken åt vi godt 
og kvilte slitne fota.


Etterpå leika vi oss i skogen. 


Der fann vi flotte haustblad med sopp på.

Takk for ein kjekk tur!

tirsdag 6. november 2018

KORT OG LANG - MINST OG STØRST


Grå avdeling jobber med omgrepa kort, lang, 
minst og størst.
 
Vi gjer avdelinga klar til Jul 
med det vi finn i nærområdet.


mandag 5. november 2018

Kjempeflott haustdag ved gapahuken


Onsdag 31.10 gjekk GRØN avdeling på tur til gapahuken til skulen. 

                                  

Det var mykje fin og kreativ leik i skogen. Vi fann dama til Knerten, mykje nøtter (nokre hadde ekornet smakt på!), makkar, fiskestenger, mosefiskar og kvisthytte.

                              


Gjennom arbeid med kropp og rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne  og ute, året rundt. Barnet skal vidareutvikle motoriske ferdigheiter, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar. Barnet skal oppleve og vurdere og meistre risikofylt leik gjennom kroppslege  utfordringar, bli trygge på eigen kropp, få ei positiv oppfatning av seg sjølve og  blir kjende med sine eigne kjensler. (Rpl:49)



Tur og leik i skogen gir barna utfordringar og allsidige rørsleerfaringar. Det vrimla av glade Grevlingar og Skogmus!


                              

søndag 4. november 2018

Revane laga tennbrikettar på tur

Ein dag gjekk turen vår til skulen sin gapahuk. Der skulle vi gjer noko vi ikkje hadde gjort på tur før, nemlig lage tennbrikettar! Spennande J


På veg opp til gapahuken, tok vi ei lita pause og prøvde å telle alle båtane vi såg på hamna.
Kva spennande er det i posen?

Vi hadde med oss "avisruller" med hampetau som vi hadde rulla i barnehagen, også brukte vi stearinlys i fine farger som vi skulle smelte og ha uttapå "avisrullane"


Dei vaksne syntest også det var spennande å sjå om stearinen smelta J


 

Alle fekk prøve kvar sin gang å dyppe "avisrullane" nedi kjelen med smelta stearin i. Vi måtte vere veldig forsiktig, for stearinen var veldig varm!



Vi måtte ta ein sjekk på om tennbrikettane brann godt, og det gjorde dei J

.................................


I denne aktiviteten har vi vore bevisste på gjenbruk. Barna har fått lære at avisene som vi brukar å sortere og putte i papp og papir dunken, og restar av stearinlys, kan brukast til å lage fine tennbrikettar som kan hjelpe oss å få fyr på bålet

Vi hadde ein super dag i gapahuken  J

lørdag 3. november 2018

GOD HELG


Av og til er det deilig å få lov å vere barn! 
 
God helg alle saman! 
 

Tur til Lavvoen


Onsdag gjekk gruppe 2 på Raud avdeling på tur til Lavvoen. Kjekt å vere på tur. Når vi kom fram til Lavvoen gjekk og kraup vi litt opp i sida. Det er utfordrande for små bein å gå i ulent terreng, men vi blir stadig flinkare. I dag oppdaga dei at når det var vanskeleg å gå fordi det var så bratt, så gjekk det an å krype. Vaksne rollemodellar som kryp først er gode å ha.

Rammeplanen seier at gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne  og ute, året rundt.

I skråninga fann vi gauksyre som vi måtte smake på. Nokre syntest det var godt, andre spytta det ut.




Eit innsekt vi fann og ein makk blei og grundig studert.


                          

I dag åt vi maten vår ute på tur, det er spanande og maten smakar ekstra godt ute. Etterpå rusla vi oss nedover mot barnehagen igjen for å ta oss ein liten blund 😊

 


På veg nedover stien møtte vi ein katt, som heldt oss med selskap eit stykke på vegen.


Mykje spanande å sjå når ein er på tur 😊

søndag 28. oktober 2018

LITT AV FØRSKULEBARNA SIN HAUST


Torsdagar har Revane tur på planen. Vi bruker nærområdet til utforskning og læring.
Sunnmøre friluftsråd har ei grindløe i Gurineset som barnehagen ofte nyttar seg av. 



Revane kan velge om dei vil feire dagen sin ute på tur eller i barnehagen. Sist bursdag feira vi i grindløa med sjølvlaga eplemuffins. Denne gangen måtte vi lage dei i barnehagen før vi gjekk på tur, grunna mykje regn og fare for at bålet skulle slokne.


Vi har invitert Harane til lunsj i «gamle Bedehusbarnehagen» der dei fekk servert suppe og eigne smørbrød på bål. Vi øver på å vente på tur.

Vi finn mange småkryp langs vegen og hjelper dei over vegen om vi må det. Her er ein snegl som fekk kome opp på eit lite blad.

Gjennom arbeidet med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får oppleve og utforske naturen og mangfaldet der og korleis  dei kan ta vare på den (RP. 2017).


Vi reflekterer mykje saman med barna om samanhengar i naturen, som korleis har den krabbekloa kome seg heilt hit opp, når den høyrer til i sjøen?




Vi har óg hatt samarbeid med Møre Kids Sport der vi har deltatt på prosjektet 
Moro Med Motor. Barna har fått kjørt eit elektrisk kjøretøy som barna kaller for ATV.
-        Stor takk til MA-rusfri trafikk Nordre Sunnmøre som har sponsa oss!


Elles har vi hatt samarbeid med skulen og gler oss allereie til neste møte i veke 46.
Kjekke elevar og lærerar som gjer sitt for at barna våre skal verte trygge til skulestart.