NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 8. november 2016

Tur til skulen sin gapahuk


I dag (3.nov) skulle Raudrevane lage mat på bål, og difor gjekk vi opp til gapahuken til skulen. Det er ein veldig fin plass når ein skal lage mat.

Målet med turen er henta frå rammeplanen:
·       At barna får ei positiv sjølvoppfatning gjennom kroppsleg meistring
·       At barna skaffar seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar
·       At barna vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd
·       At barna bruker språket for å uttrykkje kjensler, ønske og erfaringar, til å løyse konfliktar og til å skape positive relasjonar i leik og anna samvær

Vi får god grovmotorisk trening på vegen opp til gapahuken J 
og turvener er det godt å ha.


Hm, makken sat fast i asfalten, 
den vart nok overraska av det kalde veret.

                             

I taket til gapahuken hang det ein isbit, noko dei raskt

fekk auge på. Og kva var det som var på blada?


Smakar det noko av rim? Det må undersøkast J     


 Samarbeid for å få fyr på bålet.


Når bålet brann godt, var det tid for å lage til speidarpakkane.


 Medan maten grillar seg på bålet, må vi undersøke omgjevnadane.


Hm, kva skal denne brukast til, er det eit klatrestativ?


Før vi kan gå, må bålet sløkkast, 
då vart det mykje røyk.


Her ser vi nesten heile Vatne J


og så var det på tide å finne vegen heimover..

mandag 7. november 2016

Pysj party på Brakkebyen

Fredag 28/10 hadde vi på Nøtteliten invitert Ekorna til pysjparty. Vi pynta med not i taket og ungane fekk knipe aluminiumsfolie til ballar som vi hengte opp i nota. Vi klipte stjerner og måner, og vi blåste opp ballongar. Det vart skikkelig fint! Vi lånte discokule med Ekorna, slukte lyset og dansa til god musikk! Vi var glade og slitne til lunsj. Vi laga karbonadar og pastaskruar til lunsj, det var jammen godt! Barna fekk servert ein liten dessert, ein kopp med havrefras og rosiner. Vellykka minifest! J





torsdag 27. oktober 2016

ELEVAR PÅ JOBBSKYGGING FRÅ VATNE UNGDOMSSKULE

Måndag var Mildrid og Karoline på jobbskygging frå ungdomsskulen på Vatne. Eit flott opplegg der elevane får eit innblikk i ulike yrker og bedrifter rundt om i kommuna og andre stader. Denne dagen skulle dei følgje arbeidsdagen til ein barnehagelærar. 


Dei fekk vere med 3 åringane på tur og gjennomførte rebusløp  på området til «gamlebarnehagen».




Kjekt å få løyse oppgåver med tema som vi har hatt denne hausten saman med to dyktige og kjekke jenter frå ungdomsskulen. Kven veit, kanskje nokon av dei dukkar opp som barnehagelærar om nokre år?



 Lykke til vidare!

onsdag 26. oktober 2016

Revane på heimveg frå Bokbåten EPOS


Då var det berre å begynne på heimturen. Jakker og refleksvestar måtte på. 
Vi fekk låne med oss ein sekk med bøker og handdukker i.
Den skal det bli kjekk å ta fram utover hausten.






Vi gjekk forbi ein leikeplass som vi berre måtte prøve litt før vi gjekk vidare til barnehagen.


Vi måtte stoppe opp for å sjå litt på den nye sjukeheimen som dei held på å bygge.


Vi tok like greitt ei matpause i busskuret  på Eidet før vi gjekk vidare. 


Så flinke å gå!


På tur tilbake barnehagen såg vi at dei tok vekk mange tre nede med Gurineset. Sjå kor fint det blir!:)

Vi hadde ein heilt super tur! 

Bokbåten EPOS ved kaia i Tennfjorden


Så kjekt at vi fekk sjå bokbåten Epos legge til kaia.


Vi var litt tidleg ute, så vi var heldige med å få gå inn først.

                              



Her var mange spennande bøker å sjå i.

..............................................................

Endelig begynte det! Der var ei dame som skulle fortelje eventyr til oss.
Kvar finn ein bolletjuven? Kan ein golvmopp bli til ein prins? Må ein være ei prinsesse for å kunne kjenne ei ert under hundre madrassar? Desse spørsmåla fekk vi svar på med skodespelaren Astrid Elise Sæterøy.


Ja! Ein golvmopp kunne bli ein prins!


På leiting etter dronninga.


Kongen vart ein dokost.


Det var mange stilige rekvisittar ho hadde med seg!


Der dukka endelig prinsessa opp. Å trur ikkje dokke ho var ekte? Ho kjente nemleg erta som var under hundre madrassar.


Sjå! Heldigvis fant prinsen og prinsessa kvarandre.



Bokbåten er eit samarbeid mellom fylkeskommunane i Hordaland og Møre og Romsdal. Sogn og Fjordane var også med i dette samarbeidet i over 50 år, men måtte avslutta bokbåttenesta hausten 2015, p.g.a. nedskjeringar i den fylkeskommunale økonomien.
To gonger i året besøker Epos både øyar ytst i havgapet og bygder inne i fjordane. I Hordaland har kvart stopp ein kontaktperson som tek i land 200 – 400 bøker og lydbøker. Denne samlinga fungerer som eit bibliotek på staden til bokbåten kjem att neste gong. I Møre og Romsdal er det skular og barnehagar som er lånarar på stoppa i skuletida.  På familiestoppa (ettermiddag og helg) er lånarane registrert som privatpersonar som i eit vanlig bibliotek. Lånarane kan levere tilbake bøkene på kva bibliotek som helst i heile landet, eller ein kan velje å behalde bøkene til neste bokbåtbesøk.

Revane på veg til bokbåten EPOS

17.Oktober var det tid for å endelig besøke bokbåten ¨Epos¨. Det var mange spente barn som lurte på kva ein bokbåt eigentlig var? Vi hadde sett på bilete, men var spente på korleis den såg ut inni. Det var ein kjempefin dag, så vi slapp heldigvis å ta på oss så mykje klede.  Først gjekk turen ned til biblioteket, der vi skulle ta bussen ned til Tennfjorden. Det var mange spente som gjekk inn i bussen! Til og med nokon som ikkje hadde tatt buss før. 



Bussen stoppa nedi byggefeltet i Tennfjorden, og derfrå måtte vi gå ned til kaia der bokbåten skulle komme. Det var spennande å gå ein plass som vi ikkje hadde gått før.



Vi hadde god tida til å leike oss litt før vi skulle ete mat.

                             

Nokon fant blåskjell og andre spennande ting vi kunne leike med.



Skal tru om disse bitane høyrer ilag?


Etterpå vart det ståande buffé!



Så spennande! Langt der ute kjem bokbåten Epos.


mandag 24. oktober 2016

Nytt leikehus på Brakkebyen


Stor stas med nytt leikehus på uteområdet til Brakkebyen!

 Det utforskar vi på mange måtar.

Nokre klatrar slik:


Andre driv med vedlikehald:


Medan nokon lagar ei nydelig sandkake: