NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 12. november 2015

KVARDAGSGLIMT FRÅ NØTTELITEN

Kvardagen går sin gang på Nøtteliten. Dei minste barna har kome godt i gang og vi har så smått starta med ulike aktivitetar som dei kan vere med på. Vi prøver å kome oss på tur ein gong i veka og då har vi gått på litt ulike plassar. Ein dag gikk vi opp på kyrkjegarden og plukka blad som vi skulle bruke til å lage fine haustbilde.




 
Av blada vi fant,  laga vi fine haustbilde med fine fargar på. 


Vi har også laga fint vennskapsbilde der vi tok avtrykk av alle sine hender. 


Spennande å få maling på handa.

onsdag 11. november 2015

PROSJEKT OM ALLEMANNSRETTEN FRÅ FRILUFTSÅRET 2015

Revane har no avslutta eit læringsopplegg om allemannsretten. Dei har utført ein rekke oppdrag frå «Ugla».
Ugla byrjer  å bli gamal og sliten og trengte hjelp med disse oppdraga. Ugla inviterte difor barna til å bli hans «Naturvakter». For å bli ei Naturvakt måtte barna gjennomføre ei rekke oppdrag, der dei viser at dei skjøner kva ein kan og ikkje kan gjere når ein ferdast i naturen, slik at dei kan lære dette vidare til vaksne og andre barn.
Mål med prosjektet:
  • ·       Få kunnskap om kva som høyrer til i naturen, og ikkje høyrer til der.
  • ·       Sjå til at rasteplassen er i orden og utan søppel før vi forlet den.
  • ·       Få kunnskap om kvifor vi ikkje skal øydelegge plantar og forstyrre dyr.


Først måtte vi hjelpe Ugla med å plukke opp søppel. Vi hadde på oss hansker og var klar for turen opp mot lavvoen vår. Vi laga flotte kunstverk av det vi fann, og veit sjølvsagt kva som ikkje høyrer til i naturen!




Revane  hjalp Ugla med å holde orden på rasteplassane vi bruker på tur, her reparerer vi bålplassen i Gurineset.



Vi har nytta skogen til leik og mykje moro:

 

Allemannsretten seier at vi kan vere ute i naturen så mykje vi vil, vi kan :
  • ·       Gå, leike, sykle, bade og finne på andre kjekke ting
  • ·       Plukke bær, sopp og blomster
  • ·       Raste og overnatte

Når vi er på besøk i naturen må vi huske på å :
  • ·       Ikkje øydelegge planter eller forstyrre dyr
  • ·       Alltid ta med alt søppel heim






Revane har gjort ein kjempe innsats som naturvakter!  I uglekassa fann vi Diplomane for vel gjennomført arbeid!

mandag 9. november 2015

VERDSROMMET

Eg, Camilla, har vore så heldig å få ha praksisen min her i Tryggheim barnehage, Vatne. Eg har hatt eit opplegg som har gått over fem dagar med Revane, der temaet var verdsrommet. Vi starta med å lage eit sanserom der barna fekk være med å dekorere rommet til verdsrommet. Dette var utruleg spennande.
Det overordna målet med denne aktiviteten var at barna skulle kunne ta i bruk sin fantasi, kreativ tenking og skaparglede. Dei skal kunne utvikle evna til å bearbeide, kommunisere sine inntrykk og gi varierte uttrykk gjennom skapande verksemd. Dei skal også kunne utrykke seg på ein estetisk måte.
Gjennom dette opplegget ville eg legge vekt på barns medverknad. Barna har ein utruleg god fantasi, og det er viktig at barna får moglegheit til å medverke under faste rammer i løpet av ein barnehagedag. Mestringsfølelsen til barna er enorm og det gjer at det er lettare for barna å utrykke seg med at dei får være med å bidra. I omgrepet medverknad ligg tryggheit, samhald og forståing, det er viktig at barna får støtte og utrykke seg, både verbalt og gjennom kroppsspråk og gjennom ulike estetiske aktivitetar. Det aller viktigaste er at barna blir sett og hørt. Barna må få ta del i fellesskapet og føle seg inkludert. Derfor har eg dag for dag bygd vidare på det barna har vore med å medverke gjennom aktiviteten.
·        

Dag 1 hadde vi ei samling der vi snakka litt om verdsrommet og kva som fantes der, deretter fekk vi kvar sin stjernekikkert som vi tok med oss på ferda til verdsrommet.


Astronautane klare for å reise inn verdsrommet.




Stjernekikkertane var veldig populære :-) Mykje spennande i verdsrommet. 


 

 







 Her heng vi opp teikningane av det som vi forbinder med verdsrommet.




Dag 2 fekk barna eit brev frå astronautane der dei fekk ei oppgåve om å lage ein astronaut som dei kunne ha med seg på reisa si til Venus. Dette syntes barna var veldig spennande, og var veldig ivrige på korleis astronauten skulle sjå ut.

 

Astronaut 201 klar for reise til verdsrommet!



 

Dag 3 fekk barna eit nytt brev der astronautane lurte på om barna visste kva eit stjernebilde var. Vi prata litt om stjernebilda og lærte oss korleis stjernebilde «Lille bjørn» og «Orion» såg ut. 

 

Vi bestemte oss for å skrive eit brev tilbake til astronautane, fordi vi hadde veldig lyst at dei skulle komme på besøk. Og vi hadde mange spørsmål som vi lurte på. 

Dag 4 hadde det dukka opp enda eit brev frå astronautane, denne gongen var vi utruleg spente. Vi hadde nemlig eit håp om at astronautane skulle dukke opp, men dei hadde det så travelt så dei hadde heller sendt med mange bilete frå verdsrommet og svart på alle spørsmåla vi lurte på. 


 

Dag 5 brukte vi på å lage eit romskip og romdrakter. Vi leika at vi skulle til verdsrommet å besøke planetar. Vi møtte til og med ein meteoritt på vegen!

Her er vi på veg til planeten Mars :-)





Romskipet vårt hadde til og med to spakar. Den eine spaken gjer at romskipet flyg bakover den andre gjer at det flyg framover. 

.....................

Siste dagen fekk også Harane ta del i leiken i Verdsrommet.

onsdag 28. oktober 2015

TUR TIL ULSTADSETRA

I dag gjekk Blåharane på tur til UlstadsetraJ Vi fekk oss ein fin tur i det nydelege haustveret. Fine haustfargar, gode plommer, fin utsikt, snødekte fjelltopper i det fjerne, tett furuskog, fuglekvitter, klukkande vatn, utfordrande oppoverbakkar og haustdøsige insekt la ramma for ein spennande tur.

Vi fekk sjå støvelkastaktivitetar til 2 trinnet oppe ved vassverket og vi traff på fleire søte hundar som var på luftetur. Desse var berre så søte at dei måtte klappast og koses litt med (etter avtale så klart).

Oppe på Ulstadsetra smakte det veldig godt med lunsj i dag. Der var det også veldig spennande å leike, klatre i tre, smake på tyttebær og finne fine haustfargar. Vi helste også på turvennane våre Frøken Kanin og Løveungen, og las bok om Tarkus som vil at alle, både barn og vaksne, skal bruke refleks no når det blir tidleg mørkt på kveldane. 


Vi heier på kvarandreJ DrikkepauseJ



Løveungen og Frøken Kanin…    

               




Fine fargar og fin utsikt. På bilete under ser vi kranene på Eidet der den nye sjukeheimen blir bygd, og utsikt utover mot Ellingsøya. Viktig å stoppe opp og ta seg tid til å sjå på alt det vakre som er rundt oss…


 

 

Vi skriv namnet vårt inn i boka.             Leik med lommelykt og refleks.


«Skal vi være venner? Skal vi leike saman du og eg? 
Det å gå åleine, det er så kjedeleg syns eg!
Vi kan være venner, vi kan leke saman du og eg, 
kom å rekk meg handa, så går vi saman på vår veg.
Å vere venner, å halde hender, slik at vi kjenner DET GJER GODTJ»


#Tur#turvenn#haldehender#bryossomkvarandre#fjellet#haust#haustfargar#leik#glede
#lunsjpåsetra#godeopplevingar#turglede#løveungenogfrøkenkanin#tarkus#brukrefleksJ

mandag 26. oktober 2015

IKT i barnehagen

I høve temaet vi arbeider med no, Kjensler, har barna fått prøve seg på IKT. Vi starta med at barna tok bilete av kvarandre, der dei skulle vise ulike kjensler som glede, redsle, det å vere lei seg og sinne. Dei bileta som viste glede vil vi bruke på Harane våre, så desse kopierte vi og limte inn i eit Word-dokument. Barna fekk sjølve velje ut kva for eit bilete dei ville bruke. Barna skreiv og namna sine på PC-en, der fekk dei velje farge på bokstavane. Så skreiv vi ut dokumentet, og henta det frå skrivaren. 

      
I denne økta fekk barna erfaringar med å bruke kamera, dei fekk sjå korleis vi klipper og limer i dokument,  dei fekk skrive på tastaturet og vi skreiv ut det ferdige produktet.


Barnehagen har ei viktig rolle som oppvekst- og læringsområde for barn under opplæringspliktig alder. Barnehagen skal støtte utviklinga ut frå føresetnadene til barnet og gi kvart enkelt barn og kvar enkelt barnegruppe utfordringar.


IKT kan supplere barnehagens arbeidsmåtar, støtte barnas utvikling og læring og tilby nye uttrykksformer.
Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna
-        lyttar, observerer og gir respons i gjensidig samhandling med barn og vaksne
-        bruker språket for å uttrykkje kjensler, ønske og erfaringar, til å løyse konfliktar og til å skape positive relasjonar i leik og anna samvær

tirsdag 20. oktober 2015

NATURVEVING

FELLESAKTIVITET PÅ MAURTUA 16.10.2015

Vi har felles aktivitet som fokus fredagane, der målet er å samarbeide på tvers av gruppene. Denne gongen laga vi vevar av naturmateriale.


Vevane pyntar fint opp ute i barnehagen!!





onsdag 14. oktober 2015

«DEN BORTKOMNE SAUEN»

Harane har hatt samlingar om gjetaren som passa på sauene sine.     
Målet med samlinga var at Jesus er vår hyrde/gjetar. Han passar på oss.
Han er glad i oss og vil ikkje miste oss.
Han kjenner oss, vil hjelpe oss og passer på oss. 
Vil at vi skal ha det godt, at andre skal vere snill mot oss og at vi skal ha venner.

Vi snakka om kva ein gjetar er. At han passer på sauene sine, at dei har det godt og verner dei mot ville dyr. Han leder dei til plasser det er godt gras og vatn. Han steller og kjenner sauene sine, akkurat same som Jesus vil gjere med oss. Vi kan vere trygge når Jesus er vår hyrde/gjetar.

Vi leika/dramatiserte om kor redd gjetaren var når han ikkje fann alle 100 sauene, kor han leitte overalt og kor glad han vart når han fann den som mangla. 
Telte.  Forming: Laga bilde av sauen. Kjente kor mjuk ulla var, lukta og forskjellige fargar. 
Kims leik. Brukte ulike effekter i forteljinga til å forsterke historia.

Gjennom arbeid med etikk, religion og filosofi, som i denne forteljinga frå Bibelen får borna innsikt i grunnleggjande verdiar, og barna får erfare at dei grunnleggjande samfunnsnormer og –verdiar.