NLM BARNEHAGENE AS
NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE
* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling
mandag 1. juni 2015
AVSLUTNINGSTUR SAMAN MED 1. OG 5. KLASSE
Det
er alltid spennande å skulle vere saman med fadrane og 1. klasse. Torsdag gjekk Revane først opp til skulen og inn
på 1. klasse-rommet der vi lærte «1. klasse-sangen». Etterpå skulle
alle gå på tur til Gurineset. Vi gjekk på ei lang, lang rekke. I Gurineset
skulle vi tenne bål og grille pølser. Det smakte kjempegodt. Det var kjekt å leike
ilag. Vi klatra på storesteinen, i ein stor kvisthaug, nokre fann vannløparar, og
andre rulla i graset. Det
har vore koseleg å samarbeide med skulen!
fredag 29. mai 2015
Humletur
Humlene på tur.
Spennande å sjå kva som er i sekken.
Det smakte godt med mat.
Sjå den fine snegelen vi fant!
Det er fin utsikt frå den nye Gapahuken til skulen.
Vi gler oss til fleire turar fram når den er blitt ferdig.
torsdag 28. mai 2015
TESTING AV BRANNSLANGEN PÅ HARESTUA
I dag testa vi brannslangen vår.
Vi tok på støvlar, regnkle og gjorde
oss klar.
Med
brannslange og Zalo vart dette ein kjekk aktivitet.
Biene lærer om former
BIENE hadde i dag samling om temaet form.
Vi snakka om begrepa: TREKANT, FIRKANT OG RUNDING
Kva kan vi bygge tårn av?
Vi prøvde oss fram.
Etterpå fekk vi fargelegge dei ulike formene.
onsdag 27. mai 2015
Biene på tur
Så kjekt med tur!
Vi er gode venner!
Snart framme på Harestua.
Harane er på tur, så vi får låne den med dei.
På leiting etter leiker.
Gøy med sparkesykkel.
Kjekk sandkasse.
Spennande med lego.
Mange nye leiker inne.
På Harestua smakte maten godt.
torsdag 21. mai 2015
På tur i bygda vår
I dag 21.mai gjekk alle på Maurtua på tur i bygda vår.
Vi møtte mange sneglar på vegen.
Etter ein lang tur smakte maten ekstra godt.
Sjå den flotte klatresteinen vi fant!
Ei hjelpande hand er det alltid godt å få.
På veg tilbake måtte vi sjå litt på kva skuleborna gjorde på.
onsdag 20. mai 2015
POTETSETTING OG SÅING AV FRØ I BARNEHAGEN 20.05.15
Ein enkel og morsom måte å gi barna eit
forhold til kvar maten kjem frå er å dyrke grønnsaker i barnehagen. I dag sette vi på Maurtua poteter, vi sådde
gulrotfrø, sukkererter og reddikkar. Det skal bli spennande å følgje med når
det spirer, og etterkvart blir deilege grønnsaker! Reddikkane håper vi å hauste
før sommarferien. Potetene får vi ikkje tatt opp før Revane har starta på
skulen.
Det er litt rart å tenke på!

Ivrige
barnehender! Spennande å så erter. Før vi putta frøa i jorda, - låg dei i
bløyt.

Vi fylte
mold i nokre store blomsterpotter. Etterpå putta vi ei mammapotet/settepotet i
kvar potte. Snart veks det opp potetkål frå poteta. Vi studerte groene på poteta,
og snakka om alle potetbarna som skal komme.


SAMME HVA DU
HETER, SPISER DU POTETER,
OG NÅ KAN DU
BUKKE RYGGEN DIN OG PLUKKE.
VI SKAL VÆRE
FLINKE, SIDEN KAN VI VINKE.
NÅ HAR JEG POTETER HELE ÅRET
RUNDT!
Abonner på:
Innlegg (Atom)







































