Tysdag 19.01 gjekk Grøn Gr.2 på tur til
Lavvoen. På vegen opp fann vi mange istappar og då måtte vi til slutt plukke
ned nokre for å smake på dei. Det smakte nesten som Honning sa ei av dei og
smilet gjekk nesten rundt. 😊
Oppe ved lavvoen åt
vi maten vår før vi gjekk opp i skogen for å leike litt. Etter ei stund fann vi
ut at vi skulle gå bortover mot Hofsetsetra for å gå tilbake til barnehagen den
vegen. I starten var der trakka rås, men etter kvart var det berre ein hjort
eller to som hadde gått den vegen vi skulle gå. Spanande å sjå spora hjortane
hadde laga, og litt lengre nede fekk vi og sjå hjortebæsj, den måtte
inspiserast nøye. No måtte vi trakke ny rås, litt slitsamt, men artig likevel.
Når vi kom nedom det gamle huset i bakkane, ville vi prøve lykka nedover marka
og aka oss nedover. Ein kjempeflott bakke, men utan akebrett gjekk det ikkje så
veldig raskt. Men kjekt var det likevel.😊
Mykje god trening både for balanse og motorikk,
og kreftene våre fekk og prøvd seg litt. Slitne, varme og nøgde kom vi tilbake
til barnehagen og då var det kjekt å gå inn for å leike og kvile seg litt.