Sist veke var vi på trilletur med halve gruppa og såg på sauer.
NLM BARNEHAGENE AS
NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE
* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling
søndag 6. september 2020
fredag 4. september 2020
Grå avdeling på trollejakt
Onsdag 2.september var Edderkoppane på Grå på tur opp i skogen mot Hofsethsætra.
På vegen såg vi både flugesopp, bjørnekam, rognebær og bringebær.
Vi høyrte eit skjorepar som laga reir for vinteren og vi møtte på ei bitteliten frosk som hoppa glad avstad.Vi kom til slutt til ein trollskog. Der var det ei stor trollehole. Trollet var der ikkje fordi det hadde blitt til ein stein i sola!
onsdag 2. september 2020
Raud blir kjend med uteområda i barnehagen
Den første tida etter oppstart av nytt barnehageår kallar vi ei «Bli kjend» periode. Vi skal verte kjende med nye born og vaksne, og kanskje ei ny avdeling.
På Raud har vi og blitt betre kjende med uteområda
i barnehagen.
Vi har vore mykje ute og leika, og trivast godt på
uteområda barnehagen har!
Det er godt å få bruke kroppen sin – og så kjekt
når vi meistrar!
Vi grev mykje i sanden. Kanskje etter ein sjørøvar
skatt?
Vi disser oss i vennedissa, både på framsida og på
baksida av barnehagen.
Så kjekt å kunne sitje fleire vener saman, disse med
stor fart, og rope «Hiv O Hoi!»
(Ja, vi er veldig oppteken av sjørøvarar for tida
..! )

På framsida er det store leikeapparat. Her får vi
trena oss på koordinasjon og balanse.
Vi har vorte større og sterkare enn før sommaren –
alt vi får til!
Det er kjekt det!
Barnehagen skal vere ein arena for dagleg
fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til
borna (Rammeplan for barnehagen, 2017).
Gjennom leik og allsidige rørsleerfaringar med
kroppen vår opplever vi trivsel, glede og meistring!
Vi blir trygg på eigen kropp, får ei positiv
oppfatning av oss sjølve og blir kjend med eigne kjensler (Rammeplan for
barnehagen, 2017).
Barn sin medverknad
Edderkoppane og Maurane får lage sine eigne lapper til å ha på skuffene sine. Bokstavtrening og mykje kreativitet. Mange flinke kunstnarar på Grå avdeling.
mandag 31. august 2020
På tur i nærmiljøet
I dag har halve gruppa på Gul avdeling vore på trilletur og utforska nærmiljøet.
Vi såg rundballar som skal verte mat til dyra til vinteren
og ei fin gul gravemaskin.
tirsdag 18. august 2020
Førskulegruppa på tur til Gurineset
"Maurane" på GRÅ avdeling hadde sin første tur i lag i dag. Vi pakka sekkane våre med mat og drikke og satte kursen mot Gurineset. Bøtter og spadar hadde vi med også. To og to gjekk vi så fint på rekke nedover og bortover vegane som tek oss til Gurineset.
Der nede blir området utforska på ny kvar gong vi er der, i dag utforska på ny av ein fin gjeng som no går på førskulegruppa.
Blomar vart plukka og laga gryte av, ei kanin kom fram medan nokre av borna grov i sanden ved vannkanten, andre utfolda seg på eit større område og leika sisten.
Andre satt og såg ut på den blikkstille sjøen medan fiskane spratt.
Vi er heldige som har så fine turmål rundt barnehagen og ikkje minst når ein kan få nytte dei i slikt fantastisk vêr. Takk for ein fin førstetur. Vi gler oss til fortsettelsen.
Helsing "Maurane", dei største på Grå avdeling.
onsdag 5. august 2020
PÅ LEIT ETTER GARDSDYR
Vidare gjekk
turen vår til Haugane. Opp ein bakke og rundt ein sving høyrer vi plutselig
«klukk..klukk..klukk», skal tru kva som er nede på marka der?
Snille
Johannes kom og inviterte oss ned til dei artige hønene sine. Dei er framleis
kyllingar og har berre budd med dei i knappe to veker. Litt sjenerte sprang dei
inn i huset sitt når nysgjerrige barnehender så gjerne ville helse på.
Johannes opna
døra til hønsehuset for oss, så spente og nysgjerrige små fekk sjå inn. Der inne hadde hønene det godt og varmt. Stor stas å kome hit på besøk! J
Henriette –
Gul avdeling






























