NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 20. februar 2020

SAMISK VEKE – RAUD AVDELING


Torsdag 06. februar markerte vi Samefolkets dag her i barnehagen. Gjennom heile veka hadde vi fokus på Samane og ulike aktivitetar knytt til Samane.



Vi kasta lasso;




Vi måla det Samiske flagget i snøen;


 


Vi lagde Samiske hattar og hadde "ein lavvo" på avdelinga;

 

Utan om dette joika vi mykje gjennom heile veka, og avslutta det heile med ein tur til Gurineset kor vi hadde den siste samlinga om Samane og kosa oss med bål og grilling av pølser!

                          



«Barnehagen skal la barna få kjennskap til fortellingar, tradisjonar, verdiar og høgtider i ulike religionar og livssyn og erfaringar med at kulturelle uttrykk har eigenverdi. Barnehagen skal skape interesse for samfunnets mangfold og forståelse for andre menneskers livsverden og levesett»
-        Rammeplan for barnehager, 2017, s. 54-55.

fredag 14. februar 2020

SNØGLEDE!


 

Endelig kom snøen. 😁 Då var det berre å kome seg ut og ake, og kose oss i snøen.


 Det var så kjekt at Raud også var ute og aka seg.😊

Til lunsj fekk vi varm kakao og ostesmørbrød som blei servert ute under varmelampa.
God helg frå oss på Grå avdeling.

SNØMANNEN KALLE


Endeleg fekk vi oppleve vinteren! J





Rett etter frukost gjekk alle gule ut for å oppleve snøen. Det var tungt å gå i den og vi fekk kjenne på kor kald den var i ansiktet vårt når vi både smakte på, og låg langflate utover det kvitdekka området. 






Eit felles mål for gruppa var å få laga oss ein snømann! Tungt å rulle, trykke, kna og løfte på, men det var ein stor og fin kallemann som vinkar hei utføre døra vår i dag! 

Skal tru om den er der når vi kjem tilbake til barnehagen på måndag? J

onsdag 12. februar 2020

Grå avdeling på tur til Lavvoen vår

Fredag 7.februar gjekk Grå avdeling opp til lavvoen vår. Det var ei stund sidan vi hadde vore der, så vi måtte sjekke at alt stod bra til. I tillegg skulle vi få besøk av dukka Henry som skulle ha ei førstehjelpsøkt der også.


På veg opp såg vi eit ekorn. Det sprang veldig fort over vegen, før det klatra opp i eit tre. Ekornet var der ei stund og klatra opp og ned. Vi måtte sjå etter det når vi kom fram. Kanskje ekornet hadde vore ved lavvoen? Vi fann nøtter på bakken, så vi konkluderte med at det hadde vore der. 


Det var endeleg opphaldsver denne dagen, og vi kunne til og med skimte sola som kom sigande når vi kom fram til lavvoen.


Lavvoen stod det heldigvis bra til med, og vi fekk lufta godt ut etter mykje ruskevêr.



Vi fekk sjå at det vaks ulike sopper på trea i skogen.




Vi leika oss lenge oppe i skogen med den store steinen, og på klatretreet vårt.



Vi «fiska» i gjørma, leika tivoli med balansering og at «elva» var lava. 


Vi fann plantar som vi undra oss over.


Og til slutt kom Henry på besøk. Han hadde fått flis i fingeren sin! Men han hadde med seg ein pinsett, skyljevatn og plaster. Vi sendte rundt plaster slik at alle fekk sjå at Henry har plaster med bilete av seg sjølv på. Alle fekk gi han kos for å trøyste han. Neste gang sa han at han skulle vise oss korleis det gjekk når han velta med sykkel. Han er ein liten ulykkesfugl han Henry. Bra at vi lærer oss førstehjelp og kan hjelpe kvarandre om uhellet skulle vere ute!


Rammeplanen 2017:
Barna skal få naturopplevingar og bli kjende med mangfaldet i naturen, og barnehagen skal bidra til at barna opplever tilhøyrsle til naturen.
Barnehagen skal vere ein trygg og utfordrande stad der barna kan prøve ut ulike sider ved samspel, fellesskap og vennskap.
Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna.

fredag 7. februar 2020

Markering av samane sin nasjonaldag på Blå avdeling


Samane sin nasjonaldag er 6. februar. Nasjonaldagen vart vedteken av Samekonferansen i 1992 og er felles for alle samar i Norge, Finland, Sverige og Russland. Rammeplanen seier at barnehagen skal synleggjere samisk kultur og bidra til at barna kan utvikle respekt og fellesskapskjensle for det samiske mangfaldet. 

Vi på Blå avdeling har hatt fokus på samar og deira tradisjonar no i veke 6. Den kjekke studenten vår, Lillian, har hatt samlingar med begge gruppene. Desse samlingane vart avslutta ved at barna fekk lage bilete av seg sjølve i samisk nasjonaldrakt, desse bileta heng i garderoba vår. 

I tillegg har vi leika med ein «Lavvo» inne, høyrd på samisk joik og Torsdag fekk dei sjå ein lavvo i meir identisk storleik ute i barnehagen. Dei fekk og smake samisk brød denne dagen. Her er nokre bilete av det vi har halde på med denne veka.


Handa vart måla i fargane til det samiske flagget.

 









torsdag 6. februar 2020

Gul feirar Samane sin Nasjonaldag

Torsdag 06.02 på Samane sin nasjonaldag, hadde Henriette ei fin samling i teltet som vi kalla Lavvo denne dagen. Marianne hadde tatt med seg teltet sitt som ho slo opp på avdelinga vår. 
Så kjekt å få vere inne i "Lavvoen" inne! Henriette hadde koselig lys inne i "lavvoen" og mange spennende ting i kassa si som ho hadde med. Til og med eit reinsdyrskinn fekk vi ta og kjenne på. Litt musikk hadde vi også, blant anna "Bæ bæ  lille lam" på Samisk.
 
Etterpå laga barna flagget til Samane, med litt lim og papirbitar i grønt, blå, raud og gul som dei limte på, vart det flotte flagg som blei hengt opp på avdelinga.
  
Marit på kjøkkenet baka nokre gode "brød" til oss, Gáhkko, som alle fekk smake. 

Her ser dokke nokre bilder frå da vi markerte Samane sin dag.








"I Rammeplan for barnehagen står det under fagområdet "nærmiljø og samfunn", at barna skal bli kjent med at samane er Norge si urbefolkning."

mandag 3. februar 2020

Månadsfest på Blå og Gul avdeling


31.01.2020 haddBLÅ og GUL avdeling månads fest. J


Gro fortalte om geitekillingen som kunne telle til 10der ho brukte konkrete figurar.

Gjennom rammeplanen skal barnehagen bidra til at barna får: 
- Møte eit mangfold av eventyr og fortellingar  
- Oppleve spenning og glede ved høgtlesing, fortelling, sangar og samtale 
- Undersøke og får erfaring med å løyse matematiske problem og opplever glede ved matematikk