NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 10. januar 2020

Grå avdeling på "jakt etter sola"!

I dag var det "Solfest-dagen" i barnehagen.

Sola skal igjen skine i barnehagen vår!

  
Vi har laga soler, teikna soler på kinna våre, bakt solboller og gått på jakt etter sola.

  
Det var det rosa  skyer på himmelen, men i staden for at sola kom fram vart det regnskyer. 
Men når alle skyene er vekk, då skin sola igjen i barnehagen!!

torsdag 9. januar 2020

Sola er god, sola er toppen


No gler vi oss til at sola skal kome tilbake til barnehagen. 

Gr 1 måla flotte soler med pensel og gaffel som vi skal pynte med på avdelinga! Kreative barn!

Sola er god.
Sola er toppen.
Sola er varm og den bruner på kroppen! 
Sola som skinner hver morgen for meg
Sola i barnehagen er best synes jeg! 

Raud avdeling til Gurineset

Godt nyttår frå Raud Avdeling! 
På tide med eit lite livstegn frå oss.




Vi er minst like aktive som før jul, og turen i dag blei derfor til Gurineset, der små og store verkeleg får bryne grovmotorikken.




Før mat rakk vi å utforske heile område, greit vi har små korte bein, men dei ber oss raskt avgårde. 





Vi kjem oss fram uansett, enten vi klatrar, hoppar, spring eller går. Idag har vi til og med rulla nedover bakkane, og kome oss opp igjen!


Vi hadde eit lite håp om å enten møte på ei ugle eller han Mikkel Rev, men måtte ta til takke med ein katt, som vi kom til måtte vere ute på jakt slik han sneik seg rundt!




Vi åt maten vår i den fine gapahuken som står der, kjekt å ha alt godt tilrettelagt. Neste gang skal vi ha med oss noko vi kan varme på bålpanna der, for det frista på ein kald, fin dag slik som i dag!



tirsdag 17. desember 2019

Grautfest i gapahuken

Tradisjonen tru var det Grautfest ute i Gapahuken vår på mandag. 


Bålet var tent og grauten var varm.

Det var både barn, foreldre og besteforeldre som kosa seg ute i det fine været. 



Blå morgonhimmel er vakkert viss ein tek seg tid til å nyte den.

Dei som ikkje ville ete ute fekk sjølvsagt ete graut inne.

onsdag 4. desember 2019

Grå avdeling på Julevandring i Kyrkja

Her på Vatne er vi så heldige at vi har ei flott kyrkje som ligg nært barnehagen. I dag var dei to eldste kulla på barnehagen invitert til Julevandring der. Spente gjekk vi opp til kyrkja. Vi kunne sjå tårnet der klokka heng allereie før vi gjekk over Vatnebrua. Skal tru kor gamal kyrkja kunne vere? Over 100, eller 1000 blei foreslått. 




Vi fekk av oss yttertøyet og fekk kome opp på galleriet. Her skulle Keisar Augustus skrive oss inn med fingeravtrykk i boka si. Ein og ein gjekk vi fram.


Astrid og Linda skulle ta oss med på ei reise og fortelje oss om mirakelet som skjedde i Betlehem, og på vegen blei vi både til kongar, englar, gjetera, Maria og Josef. Det var kjekt at vi fekk ta del i Juleevangeliet på ein aktiv og inkluderande måte. 




Etter den lange og flotte reisa til Betlehem takka vi Astrid og Linda for at vi fekk kome. 


Det var på tide å returnere til barnehagen, men vi måtte ha oss ein matpause, også sjekke elva først. Det var kjekt å sende pinnar frå den eine sida av gangbrua og springe over på den andre sida for å sjå den kome seglande i straumen. 




Barna skal få kjennskap til grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon (Rammeplanen 2017).

tirsdag 26. november 2019

Lille bukken bruse, trippa over trollebru…….



Det folkekjære eventyret har for fullt flytta inn på Gul avdeling. Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at borna møter eit mangfald av eventyr, forteljingar, segn og uttrykksformer (Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver, 2017). Vi har starta i det små og har tatt utgangspunkt i bukkene bruse songen. Eventyret og songen har blitt med både i samling på avdeling, ute på leikeområdet vårt og på tur. Like spennande kvar gong vi er på leit etter trollet under Vatnebrua. 


Vi har fått hekla konkretar til eventyret som vi brukar i formidlinga. Borna har fått laga seg eit troll av ull med store auger og no held vi på å tovar bukkar som etter kvart skal få kome fram på avdelinga. Vi har fått kjenne, smake, lukta  og utforska ull med alle sansane våre. Nokon syns ikkje det er noko særlig, medan andre styrar på. Enkelte har allereie tatt julevasken og blitt sendt heim i god grønsåpelukt. Spennande prosjekt som borna engasjerar seg stort i. 






Framover mot advent og jul, sendar vi bukkane på juleferie til over nyttår. Då leitar vi dei fram igjen og kanskje skal dei ein tur på både badeland og på sætra, kven veit kva dei finn på….. J

torsdag 14. november 2019

FLOTT NOVEMBER TUR TIL STALL NEDREVOLD

Gruppe 1 var så heldige at vi fekk besøke Stall Nedrevold fre 8.nov framme i Nedstebygda. Etter at vi hadde helsa på hestane og hønene, gjekk vi ned til naustet ved Vatnevatnet for å lage tomatsuppe og pasta. Barna fekk mate hestane med høy. For ein flott haustdag!






Det er spennande å få vere med å lage mat ute!













Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring gjennom alle årstider. Det er viktig at barna får kunnskap om dyr og dyreliv (Rpl:52)