NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 13. mars 2019

Kule gule på eventyrstund i Gurinesen


Vi er så heldig å ha Albertine saman med oss som praksisstudent frå Dronning Mauds minne i Trondheim. Ho er godt i gong med å lede eit utviklingsarbeid som omhandlar språkstimuli i barnehagen. Ho vil gjere dei tilsette meir bevisst i samspel med barna, og legge til rette for gode stunder der det er fokus på lesing, fortellarstunder og dei gode dialogane mellom vaksne og barn. Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver (2017) seier at alle  barn skal få god språkstimulering gjennom barnehagekvardagen. Denne gongen valte vi å legge opp til ei fortellerstund på tur. Tidleg morgon gjorde vi oss klar og satt kursen mot grindløa i Gurinesen. Det var svært glatt, men vi kom oss trygt fram. Godt å trene småfotane over marka full i snø.


Godt plassert i grindløa starta fortellerstunda om skinnvotten og dyra som flytta inn i den. Musa kom pipandes inn i votten, frosken kom hoppande, reven lurte seg inn med den lange halen, ulven ulte seg inn, villsvinet grynta, haren kom hoppandes og bjørnen var så trøytt og fant ein god varm vott å kvile seg i. Nokre hadde stor utforskartrong rundt grindløa, enkelte hadde veldig lyst å få halde dyra og andre satt å følgde spent med. Vi vil bruke denne fortellinga fleire gongar, så får borna bli kjent med dyra og fortellinga. Spennande å ta dei i bruk på tur! 
                              

Eg lurer på.... Blå avd

På Blå avdeling undra vi oss saman med barna både ute og inne... 

Dei borna som var ute laga softis ved å blande mjølk, fløte, sukker og vaniljesukker i ein pose, før dei putta blandinga i ein ny pose med snø og salt. Deretter rista vi posen godt i nokre minutt, og vipps så fekk borna smake sin eigen heimelaga softis. 


Gruppa inne la Skittles på eit fat og helte varmt vatn på. Etter kvart som vatnet mjuka opp dropsa rann fargen i eit fint mønster utover fatet. 



Dei undra seg også over dansande rosiner i eit gjennomsiktig målebeger. Farris gjorde at rosinene dansa opp og ned. 

Eg lurer på.... Barnehagedagen på Raud avdeling

På Raud avdeling markerte vi Barnehagedagen med spanande 
aktivitetar i går. 
Temaet "eg lurer på" passer godt til 2-3 åringar som spør og 
lurer på det meste! 







Ei gruppe på avdelinga samarbeida heile formiddagen 
med å lage spanande "sanseflasker", til avdelinga. Vi fylte flaskene 
med vatten og babyolje. 
Så fikk alle borna fylle på med både glitter, perler og 
konditorfarge. 

                          


Dei vart så fine! Og det var spanande å sjå på dei rare boblene 
og perlene som dansa opp og ned når vi snudde og rista på flaskene! 



tirsdag 12. mars 2019

"Eg lurer på.... " Barnehagedagen 2019

Barnehagedagen 2019 vert markert over heile landet 12.mars.

Barna lærer om verda rundt seg ved å være nysgjerrige, spørje og undre seg. 
Det er difor viktig at leiken får stor plass i barnehagen. Personalet må legge til rette for skapande aktivitetar som gir rom for å utforske på mange ulike område.


Vi på Grå og Grøn avdeling hadde fire stasjonar med eksperiment inne som vi fekk sjå og prøve.

Magisk teikning:
Teikne på eit fat og ha vatn på.
Kva skjer då? Hmm.. Forsvinn tusjen når oss har vatn på?


Teikninga løyste seg frå fatet og dansa.


Spennande å sjå:)

Lavalampe: 
Korleis kan vi lage lavalampe og kva skjer når vi har dei ulike ingrediensane i olje? Vi undra oss over det.





Trylle fram regnbogen:
Lage regnbogefargar på eit fat ved hjelp av Skittles drops og varmevatn.





Dansande rosiner:
Kan verkeleg rosinene danse om vi puttar dei oppi eit glas med kolsyrevatn? Kva skjer om det er vanleg vatn? Vi fekk sjå at rosinene dansa berre om dei fekk vere oppi vatnet med kolsyre. Om vi tømte vanlig vatn oppi, då sank dei berre og ville ikkje danse.



Vulkan:
Vi hadde også eit eksperiment ute. Alle satt spente inni gapahuken når vi skulle lage vulkan.


Går det an å lage vulkan av godteri og cola? Ja, det fekk vi testa ut. 


Det spruta ut cola når vi putta masse mentos oppi. Masse av colaen for ut av flaska. Spennande:)
.................................................................................................................
Det er Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Foreldreutvalget for barnehager (FUB) som står bak Barnehagedagen.
I 2019 vert denne dagen markert for 15 gang.
Tema er barn si nysgjerrighet og undring, med slagordet: "Eg lurer på..."

tirsdag 5. mars 2019

HJARTESAMLING PÅ GUL



Eg er MEG (peik på seg sjølv)
Du er DEG (peik på ein annan)
Nokre gongar GLAD (lage smilemunn)
Nokre gongar LEI SEG (lage surmunn)

Armer og bein (løfte armane, løfte beina)
Eg har to av kvar – og på føtene 10 små tær 
(peike på, vifte med tærne)

Fingre som kan peike (peike på kvarandre)
Fingre som kan klø (klø seg)
Teikne store sirklar (lage sirklar i lufta)
Glad i å leike (klappe i hendene)
Glad i å le (flire høgt)

DET ER MEG DET! (peike på seg sjølv)



   

fredag 22. februar 2019

Barna på Grøn avdeling lagar sitron- og ingefærrotjuice



Det er kjempeviktig å drikke masse når det er så varmt som det er i Vest-Afrika. Av og til er det godt med noko anna enn vatn. I dag har vi på Grøn avdeling laga ein  kjempegod ingefær- og sitronjuice. Denne er ganske sterk, men også veldig god!
Her har du oppskrifta:
Du treng 150 g ingefær i biter med skal på, 3,5 dl vann, eller så mykje som må til for å dekke ingefæren, saft av 4 halvstore sitronar,  2,3 dl sukker og 1,7 liter vatn.
Skjer ingefærroten opp i mindre bita. Legg bitane i foodprosessor i lag med 3,5 dl vatn, slik at det dekker ingefæren. Køyr foodprosessoren til det ikkje lenger er klumpar av rot igjen. Bruk sil, eller noko som liknar, og skil ut vatnet frå ingefæren i ein stor bolle, heilt til det ikkje lenger renn vatn av «grauten».
Bland ingefærjuice, sitronjuice og sukker saman, heilt til sukkeret ikkje lenger synast. Bland deretter oppi 1,7 liter vann, eller meir, alt etter kor sterk/svak juice du vil ha.
Serverast kald!
Vi på Grøn har lenge planlagt å lage slik juice som dei brukar i Vest-Afrika. Heile denne veka har vi snakka, sett, kjent, lukta og smakt på ingefærrot og sitron.  Alle var klar til å gå i gong!

 Først starta vi med å sjå på alt vi skulle bruke og 
repeterte litt kva dei ulike tinga heiter.




 Vi skar opp ingefærrot i små bitar.





All ingefærrota hadde vi opp i blendaren og hadde vatnet oppi.


 Vi pressa ut sitronsafta:

Etter at vi hadde sila ingefærrota og sitronsafta, målte vi opp sukker og vatn. 
Vi blanda alt opp i ein bolle og rørte godt rundt. 


Vi samarbeidde, venta på tur og hadde ei kjekk stund medan vi alle hjelpte til 
å lage slik juice som dei brukar i Vest-Afrika.
Så var vi klar til å smake.  Tenk å lage sin eigen juice, det kan anbefalast!!


«Barnehagen skal leggje rette for at måltid og matlaging bidreg til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle hos barna» (RP,2017)

torsdag 21. februar 2019

Misjonssamling om Mali og Elfenbeinskysten


Frå nyttår av har vi hatt ulike misjonssamlingar her i barnehagen. 

Årets misjonsprosjekt handlar om Mali og Elfenbeinskysten.


Her har vi besøk av Hege Dalhaug frå NLM ung.

Borna har gjennom song og ulike aktivitetar fått blitt kjent med dyra, maten og korleis menneska der lever. At husa deira ser annleis ut, at maten og frukta smakar litt annleis, enn det den gjer her heime i Norge. Der bor også veldig mange spennande dyr, som løve, elefant, ape og krokodiller. Vi har sunge om dei ulike dyra, høyrd på kva slags lydar dyra lagar, og sett på bilete av dei. 

Vi har også fått utfolde oss kreativt her i barnehagen med å måle og teikne dei ulike dyra og også flagga.



Vi har også sett på skilnaden mellom oss som lever her i Noreg, og dei som lever der, både korleis husa ser ut, kleda dei brukar og at dei aller fleste har dyr i hagen sin.  
Gud har skapt oss alle, så vi har like stor verdi. 

Mange som bor i Mali er fattige, og fleire av dei som bor der  arbeider som gullgraverar, og på grunn av det er der veldig mange store hol i bakken, som er farlig for dyra som bor der. Mange av husdyra fell nedi og då kjem dei seg ikkje opp igjen. 

Dette er noko av det misjonsprosjektet går ut på i år, at vi skal samle inn pengar slik at dei kan klare å få tetta hola igjen. 

I samlingane syng vi om "dyra i Afrika", har gravd i "månesand" for å leite etter gull, vi har også smakt på ananas, sharon og mango som er typiske frukter derifrå!

Her kan dykk sjå litt frå ei av samlingane våre på Blå avdeling, der vi grov etter gull og lagde afrikanske rytme med blant anna trommer etter misjonssamlinga!