NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 23. januar 2019

I 💗 av barnehagen!



Kva smakar vel betre etter ein kjekk tur og ein god kvil enn nystekte ostesmørbrød?



Vi laga langbord på hjerterommet og 
storkosa oss ilag! ♥️


Raud avdeling på flytur til Mali og Elfenbenskysten i Afrika



Ei gruppe på Raud avdeling reiste med eigen billett til Mali.


Medan vi flaug, såg vi savannen under oss (på film). 
Vi såg mange dyr: Løve, sebra, flodhest, nasehorn og giraff. 


 Vi såg elefant også. Dei har store kvite horn som heiter elfenben. Det er derfor det heiter Elfenbenskysten. Fordi det er så mange elefanter der!


I Mali har dei kakaoplanter, og ananas og mango i trea. 
Her brukte vi sansane våre. Vi lukta på kakao og kjende på ein ananas. 
Det var rart å kjenne på ananasen utanpå!



 Vi smakte også på deileg og saftig ananas og mango!





Så reiste vi heim med flyet over snøkledde markar i Noreg.

Takk for turen! 

mandag 21. januar 2019

Krokodille ved porten


Dokke må ikkje bli redd; 
for i dag ligg dei ei stor 
KROKODILLE 
ved porten. 


Det er Førskulegruppa som har laga den.

fredag 18. januar 2019

Fredagssamling med snø på BLÅ



På morgonsamlinga idag, song vi ulike songar, før vi henta litt snø. Vi fekk bruke sansane våre, snøen var kald på fingrane våra!!



Nokre var meir forsiktig enn andre, men alle både kjente og/eller smakte på snøen! Camilla viste oss at snøen også kunne smelte, ho trylla den om til vatn! 😎


 

Vi har som eit mål at barna skal få bruke sansane og undre seg, og snøen var jo midt i blinken til det!

«SNØ-KROKODILLE»

Onsdag var det masse snø ute. Vi på Grøn samarbeidde og laga ei stilig krokodille av snøen. Den vart farga grøn og vi brukte spader til  auger og munn. Vi var kjempefornøgd!!




SOLFEST PÅ BARNEHAGEN 14. JANUAR 2019

Mandag var det Solfest på Tryggheim barnehage, vi feira at sola igjen skin på barnehagen. På alle avdelingane kom det opp gule soler, der det var brukt ulike metoder. Det vart synge «Sol, sol kom igjen» og «Sola er god, sola er toppen»! Men ingenting hjalp denne dagen, for ute var det snøstorm!



Vi måla, klipte og limte. 



Vi på barnehagen baka solbollar i lag.


Vi laga runde bollar og etterpå hadde vi vaniljefyll i.



Åh, det lukta så godt over heile barnehagen!


Vi målte soler i ansiktet. Nokre ville ha i panna, på kinnet eller på nasen. Det kila litt, men det var kjempespennande og vi måtte rett bort til spegelen for å sjå! Alle venta på tur og dei vaksne var imponert over kor flinke alle var.



Etter at vi var ute i stormen og kosa oss i snøen gjekk vi inn til felles solfest i lag med Raud, Grå og Grøn. Gul og Blå åt inne med seg sjølv. Vi andre fann oss plass attmed borda, sang solsangar og kosa oss med gode solboller og gul smoothie.


Det var ein topp dag, der vi brukte skapargleda til å forme våre eigne soler, vart måla soler i ansiktet og laga gode boller som vi kosa oss med i lag.
Ein dag med fellesskap og glede!!

SOLFEST på BLÅ og GUL


Som tradisjonen tilseier feirer vi i Tryggheim Barnehage, Vatne solfest kvart år.



I år med dei minste valgte vi å ha ei felles samling på Blå avdeling, der dei små gule også deltok. Vi hadde måla sola på vindauget tidlegare på morgon, barna hadde måla ei, og dei vaksne ei. 



I samlinga song vi solsangar med bevegelse, men uansett kor mykje vi song, kom der ingen sol. Vi måtte ta til takke med snø i staden! 

 Vi måla også kvar si sol med gulmåling, noko måling for på arket, men den måtte også smakast på!



Til fruktmåltidet fekk vi servert solbollar og gul smoothie, gult er kult (og godt) 💛.



Vi på småbarn gleder oss til å sjå meir av sola, og satsar på den dukkar meir opp etterkvart. Snø, sol og finevær kan gjere at utetida blir kjekkare for både store og små.