Onsdag tok Grevlingane seg ein tur til Stall
Nedrevold. Her vart vi møtt av hesten Maksimus og eigaren Hanne.
Vi fekk lov å klappe Maksimus og gi han gras. Han stod så fint og rolig. Hanne fortalte oss litt om han, spennande.
Vi såg andre hestar også, så då gjekk vi saman med
Maksimus og Hanne ned til dei andre hestane. Her stod vi såg på dei og ga dei
gras. Maksimus, han stod og åt gras og var i si eiga verd.
Barna kosa seg
veldig på besøk hjå Stall Nedrevoll og gledar seg allereie til neste gang vi skal dit.
NLM BARNEHAGENE AS
NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE
* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling
torsdag 20. september 2018
FRILUFTSVEKA 2018
På Grå avdeling har vi markert friluftslivet si veke
med felles turar i skog og mark. Gjennom fagområdet Natur miljø og teknologi
skal barnehagen bidra til at barna får gode friluftsopplevingar året rundt og
legge til rette for at matlaging bidreg til måltidsglede (Rpl.2017).
Vi har hatt fokus på matglede på tur der barna mellom anna fekk lage sitt eige smørbrød på bål. Medan vi venta på at smørbrøda skulle
bli ferdig vart det servert tomatsuppe.
Etter mat var det tid til å
utforske mangfaldet vi har rundt oss i naturen.
mandag 17. september 2018
NATURGLEDE - ALDER INGEN HINDRING
Små og store på Blå avdeling pakka vognene og la ut på "langtur"!
Målet idag var å prøve å både ete og søve på tur. Turen gjekk til
gapahuken til skulen, opp mot Ulstadsætra, to vogner med barn og
ei med "campingutstyr".
![]() |
| Det står i grunnsynet til barnehagen at vi skal bli glad i naturen - vi er på god vei. 😄 |
Når vi kom opp til gapahuken fekk barna utforske området,
kjekt å gå rundt gapahuken i ulendt terreng.
Vi såg på blomster og haustblad som vi fann på bakken.
Snart var det på tide med påfyll i dei små kroppane.
"KjøkkenLinda" hadde smurt på skiver og skjært
opp mykje god frukt til oss😍.
Å legge seg på bakken i soveposer/vognposer var ei ny oppleving,
men alle barna sov som steinar i løpet av 30 min!
Framtidige friluftsmenneske desse små og jammen er det godt
for dei vaksne óg! Vi er utrulig imponerte over gjengen vår,
og gjekk inn i helga med eit stort smil, dette året skal bli fylt
med mange spanande turar, noko vi har satt som eit mål for året!
Fin ny veke frå store og små på Blå avdeling ❤
Magnetar!
I Rammeplanen for barnehagen sitt innhald har
vi sju fagområder, og det eine av dei er mengd,
rom og form.
«Fagområdet omfattar leikande og undersøkjande arbeid med
samanlikning, sortering, plassering, orientering, visualisering, former, mønster,
tal, teljing og måling.» (Rp17)
Det skulle bli ein
veldig kjekk start på fredagen for Grå avdeling når det viste seg at det hadde
kome flotte magnetar i ulike former og størrelsar – og nokon med hjul på!
Tenk alt det spennande vi kan lage frå
snurrebassar, robotar, tog, hus og mange flotte mønster.
Det er ein flott måte
for oss å arbeide med blant anna konstruksjon, mønster, former, rom og mengde.
Vi får mange gode og
undrande samtalar. Vi utforskar og får mange erfaringar med korleis vi kan
bygge og lage ulike ting. Vi får arbeide aktivt med språket og
matematiske omgrep.
Magnetar altså, det
er kjekt! J
søndag 16. september 2018
Ein skikkeleg regnværsdag
Skogmusene/Grøn avdeling på tur i nærmiljøet 12.
september 2018
Mykje spennande å sjå og undre seg over på ein skikkeleg
regnværsdag!
Regn
En er en, og to er to -
vi hopper i vann,
vi triller i sand.
Sikk, sakk,
vi drypper på tak,
tikk, takk,
det regner i dag.
Regn, regn, regn, regn
øsende regn,
pøsende regn,
regn, regn, regn, regn
deilig og vått,
deilig og rått!
En er en og to er to -
vi hopper i vann,
vi triller i sand.
Sikk, sakk,
vi drypper på tak,
tikk, takk,
det regner i dag.
- Sigbjørn Obstfelder -
tirsdag 4. september 2018
TRYGGHEIM BARNEHAGE PÅ VATNE 45ÅR
Vi gratulerer oss sjølve med
45års dagen vår 04.09.18!
Det har vore ei rivande utvikling frå 4.sept 1973 då barnehagen offiselt opna og fram til i dag.
Tryggheim barnehage ligg i Vatne sentrum og vi har kort
veg til fjell, fjord, vatn, butikk, bibliotek og barneskule. Barnehagen vart
bygd av Norsk Luthersk Misjonssamband i 1973, - med ei avdeling for barn i alderen 3-7 år. Husmorlaget på Vatne hadde
drive barnepark på området tidlegare. Våren 1978 sto andre byggetrinn ferdig.
Barnehagen hadde no to avdelingar og i alt 36 plassar. I 1993 vart «Solstua»
bygd. Der fekk vi plass til uteleikene og ein del reiskap/utstyr.
Vinteren 2000 sto eit tilbygg ferdig. Her vart det plass
for kontor, personalrom, grupperom/arbeidsrom, og garderobe for personalet. Vi fekk
større kjøkken og eit opphaldsrom midt i barnehagen. Det vart gjort ein del
ombygging på avdelingane, og det vart lagt til rette for å tilby plass til dei
yngste barna. Tryggheim barnehage, Vatne hadde no ca. 46 plassar (alt etter
alder og opphaldstid) for barn i alderen 0-6 år.
Barnehageåret 2014-2015 hadde vi så stor søknad
at vi måtte leige oss lokale på det tidlegare Helsehuset for å kunne tilby nok
plassar. Ønsket om ein ny og større barnehage begynte å tre i kraft. Vi flytta utav den gamle barnehagen hausten 2016, og i januar 2017 vart den jamna med jorda.
Våren 2018 stod nye lokale ferdige i Ulvestadvegen 4. Vi har no fem
avdelingar med ca.102 plassar (dvs.ca 78 barn alt etter alder og
opphaldstid)
Gjennom byggeprosessen var vi fordelt på to plassar. Dei minste 0-3år held til i «Brakkebyen»
utanfor Helsehuset, medan dei eldste 3-6år held til på Vatne bedehus. Vi gler oss over å vere samla igjen!!
Vi er eigd av NLM-barnehagene AS som driv
33 barnehagar på vegne av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). I tillegg driv
NLM 7 barnehagar åleine eller i samarbeid med andre organisasjonar.
NLM-barnehagene AS er eit ikkje-kommersielt selskap. Eventuelle overskot skal
nyttast til å utbetre og styrke medlemsbarnehagane. Og det er difor vi har våga å satse på ein ny barnehage her på Vatne.
NLM barnehagane AS har ein felles formålsparagraf:
”Barnehagen skal i
nær forståing med heimen hjelpe til med å gi barna ei kristen oppseding i eit
godt og trygt miljø. Han skal gi gode utviklings – og aktivitetstilhøve og
utvikle deira evne til å samarbeide med andre, bere ansvar og ha omsorg for
medmenneske både i heimlandet og mellom andre folkeslag.”
NLM barnehagane AS presenterer barnehagane sine slik:
- Vi
formidlar kristne verdiar som nestekjærleik, menneskeverd og tilgjeving.
- Vi
fortel barna om Jesus og lar dei høyre forteljingar frå Bibelen.
- Vi
gir gode utviklingstilhøve i eit pedagogisk miljø.
- Det enkelte barn står i sentrum for vår omsorg.
- Vi
tilset kvalifiserte, positive vaksne som brukar tida saman med barna.
- Vi
let barna få fysiske utfordringar både inne og ute.
Så vonar vi at barnehagen her på Vatne
fortsatt skal vere til glede for
barn, foreldre og bygda i åra framover.
mandag 3. september 2018
Tilvenning på BLÅ
Barnehagen skal i samarbeid
med foreldra leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i
barnehagen (Rammeplan, 2017).
På Blå avdeling er vi godt i gong med
tilvenning. Spennande dagar for både liten og stor.
Vi blir kjend med kvarandre, etablerar relasjonar og borna får knyte seg til personalet og til andre born.
Desse vekene har vi sett at borna likar seg
godt både i uteleiken og på tur.
Vi har vore på fleire turar rundt i Vatne bygda - utforska den og det vi møter på vår veg. Det gjeld å ha sansane opne og å
samtale om det som borna kan finne spennande og interessant.
![]() |
| .. Båtane på hamna .. |
![]() |
| ..Ein katt som vart med oss på tur -skal han fange seg ein fisk skal tru.. |
![]() |
.. Løvetann falt i smak ..
|
![]() |
Tre kaniner i ein hage rett nedanfor
barnehagen..
|
![]() |
| ..
Få gå sjølv med ei trygg hand .. |
![]() |
| .. Elva og lydane den lagar .. |
Fine turar i tilvenningsperioden har vore med
på å tryggje borna og gjeve oss fine opplevingar
- og fleire skal det verte gjennom året på BLÅ
😊
Abonner på:
Innlegg (Atom)



























