NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 13. mars 2018

Påskesamling på Ekorna


Onsdag 7.mars hadde dei yngste borna på Ekorna kristensamling om påskebodskapen. 



Barna fekk utdelt palmeblad (sjå: sypressar) og vi såg på spennande film om då Jesus kom ridande inn i Jerusalem på eit esel. 




Då la dei palmegreinene på bakken framfor han og ropte "Hossianna" som betyr "hjelp" eller "frels". Dei jubla over at kongen var komen.





Etter på måtte vi selvfølgeleg prøve å ri på eselet inn i Jerusalem vi også og la palmegreinene på bakken framfor dei. "Hossianna" ropte vi og jubla!!

tirsdag 6. mars 2018

Nøtteliten på jakt etter påskemateriell


Denne turen hadde vi bestemt oss for å bruke beina, så vi heldt oss i nærområdet til Brakkebarnehagen. God trening for grovmotorikken og balansen, å gå i litt ulendt terreng. Vi fann mange fine pinnar, og då var det godt å ha vogna til å frakte dei i.



Det er herleg å vere ute i det fine veret, og sola varmar godt 😊 

onsdag 28. februar 2018

"Små fota på tur i sol og minusgrader."

Vi nærmar oss mars månad, men der er ingen teikn til våren endå. Dei yngste borna på Ekorna var onsdag på tur til nausta i fjøra. Det var sju minusgrader, men med gode klede så stoppa ikkje dette ein blid turgjeng. 

 

Dei yngste øver seg no på å gå på tur med turtau. Vi øver på å halde fast, gå i samla flokk, vente på kvarandre og ta hensyn til kvarandre. Og dei har blitt kjempeflinke! 

 

Nede ved nausta skein sola og vi klatra og leika i og rundt det flotte klatretreet der. Det er viktig at borna får utfordre seg motorisk og utfolde seg i ulendt terreng. Noko dei fikk i dag. 

 

Vi gynga på greinene, klatra, sprang og krabba rundt i sola. Vi fann også ein perfekt stolpe som vi balanserte på. 


Vanskeleg var det, men så kjekt! Nokre ville gjerne prøve fleire gonger. 


På vegen opp att såg vi på dei mange båtane i småbåthavna. Ein blid og fornøgd gjeng tusla seg opp att i barnehagen for å fortelje om det spanande eventyret vi hadde vore på! 

Ein frisk og kjekk turdag på Ekorna!

Ynskjer du barnehageplass hjå oss på Tryggheim barnehage på Vatne?


Fredag 23.februar kunne nøkklane til nye Tryggheim barnehage på Vatne overleverast til dei tilsette i barnehagen. Mørehus som ansvarleg entrepenør serverte oss herleg kake og kaffi.

No er dyktige foreldre i gang med å vaske ned barnehagen. Og straks kjem dei som skal sette på plass garderober og anna nytt inventar.

I neste veke vil det bli tillaga for tilkomst frå Ulvestadvegen si side.

Og i løpet av våren vil vi starte med å fornye uteområdet.

Etter Påske er vi klar til å starte opp i nye og tjenlege lokale. 

Minner om at søknadsfrist for dei som ynskjer barnehageplass til hausten er 1.mars.

søndag 25. februar 2018

Klatremusene på tur saman med Haregruppa


Når elevane på Barneskulen har vinterferie nytta vi oss med ein leikedag på skulen. 
På turen tok vi med oss bøtter og spade – vi skulle nemleg få vere med Haregruppa og lage snøborg.


Bøttene blei fylt opp med snø, så snudde vi dei opp ned – mange på rekke og rad.


På skulen er der mange kjekke leikeapparat.


Vi må vente på tur, hjelpe kvarandre og samarbeide.


Vi fekk også sjå ein traktor som brøyta veg på skuleplassen. Spennande!

onsdag 21. februar 2018

«DEN LILLE LARVEN ALDRIMETT» - SAMLING MED SKOGMUSENE 21.02.2018


På «Bedehusbarnehagen» skal vi fram til sommaren ha boka «Den lille larven Aldrimett» av Eric Carle som tema. Vi har fleire økter som gjennomførast med jamne mellomrom for at barna skal ha kjennskap til heilskapen i forteljinga.

I dag hadde Skogmusene samling, der fokuset var den første sida i boka: 
«Om natten, i måneskinn, lå det et lite egg på et blad».



Kva er eit egg, kva form, størrelse og farge har det? Kven har lagt dette egget, er det andre sorter egg? Vi hadde med vanlege egg, som høner hadde lagt. Dei var ovale og vi kunne høyre at det høyrdes ut som vatn inni. Det vart knekt og hatt i ein bolle, vi drog parallellar til det lille egget på bladet og egget frå høna. Men i det eine skulle det bli kylling og det andre larve. Vi såg bilete i ei bok, der vi såg forskjellen på egga etterkvart som larven utvikla seg.






«utfordre tenkinga til barna og invitere dei inn i utforskande samtalar». (Rp:21)

Vi hadde Kims leik. Det var konsentrerte Skogmuser som var flinke og dei såg kva for ein ting som mangla.

Det var engasjerte barn som undra seg i lag             
med dei vaksne.
Vi avslutta samlinga om det vesle egget på bladet i måneskinn, med å lese heile boka om «Den lille larven aldrimett».

Mål med dette temaet er:                                                                                                                       
 - Bli kjend med forteljinga.                                                                                                                                                                                         
- Øve på å lytte og vere 
delaktig i forteljinga. 
                                                                                                       
- Gje barna eit forhold til tal, 
mengder og størrelsar.

mandag 19. februar 2018

Førskuledag og besøk på skuleplassen


Revane var på Førskuledag onsdag14.februar. 

Barnehagen skal i samarbeid med foreldra og skulen leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god overgang frå barnehage til skule, og eventuelt til skulefritidsordning. (Rpl;33)



Kjekt å bli litt betre kjent på skulen og med fadderklassa. Vi leika på SFO, var på klasserom og brukte datamaskiner, og holdt på med leikar i gymsalen. 



                       

Denne vinterferieveka nyttar vi høve til å boltre oss på skuleplassen. Spennande med noko anna innimellom! ☀