NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 23. januar 2018

SØK BARNEHAGEPLASS I VÅR NYE BARNEHAGE

Etter Påske 2018 flyttar vi inn i vår nye barnehage 
i Ulvestadvegen 4. Her får vi fem avdelingar + ymse fellesrom. 
Det er difor ledig kapasitet med oss. 
Vi kan ta inn fleire barn frå 1.april.
Dei som ynskjer det må søke plass innan 5.feb 2018.
Ta kontakt på tryggheim.vatne@nlmbhg.no            
om du har spørsmål, så tek vi kontakt med deg. 

SØK HER

NB: Minner også om at søknadsfristen for det ordinære opptaket for barnehageplass til hausten 2018 er 1.mars.

mandag 22. januar 2018

Knøttene (Nøtteliten) på tur til Gurineset

I dag gjekk turen ned til Gapahuken ved Gurineset. Vi trilla opp dit, men så var det tid for at Knøttene skulle få bruke kroppen sin. Eit av måla for denne perioden er at barna skal få oppleve naturen gjennom alle årstider. No er det kaldt, og snøen er frosen, slik at dei fekk erfaringar med å gå på glatt underlag. Her ved gapahuken var det nokre bare flekkar med gras, så nokre plassar var det lettare å gå. Dette er kjempegod trening for sansane, og vi får nytte nesten alle sansane våre på denne turen. Spesielt Balansesansen fekk prøvd seg mykje. 


Det var mange ulike spor å sjå i snøen, både frå dyr og menneske. Men for dei fleste var det utfordrande nok å halde seg på beina, på det varierande underlaget. Og då er det trygt og godt å ha ei hand å halde i, og nokon som kan hjelpe ein opp når ein ikkje greier å halde balansen. 😊 Ein kjekk gjeng å ha med på tur som held humøret oppe, til tross for nokre fall. Det er kjekt å sjå kor mykje dei har utvikla seg sidan barnehagestart i haust. Og vi gler oss til mange fleire turar framover. 



Rammeplanen seier at gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna  opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt.

fredag 19. januar 2018

SOLFEST PÅ BEDEHUSBARNEHAGEN

Fredag 19.01 hadde Bedehusbarnehagen solfest for å markere at sola har kome tilbake til barnehagen. 
Vi baka solbollar på formiddagen som gav god lukt i heile barnehagen. Nam!



Sjølve feiringa hadde vi ute. Alle som ville fekk mala på ei sol i ansiktet sitt. Da strålte vi alle saman som ei sol.






I tillegg fekk barna mala sol på ark. 
Vi hang dei opp ute - flotte!


Inne stod buffeen klar. Solskinnsbollar så langt vi kunne sjå. Deilig fredag! 


torsdag 18. januar 2018

Så gøy med nye leiker!



På Ekorna byrjar dei eldste å bli tre år. 
Då treng dei nye leiker og utfordringar.


Sjå kor kjekt dei har det 😊

onsdag 10. januar 2018

HARANE PÅ TUR OPP TIL GAPAHUKEN


I dag gjekk turen til skulen sin gapahuk. Harane er vand med den lange vegen og finn alltid nye «snarvegar» å gå. I dag gjekk vi bratte bakkar oppover og måtte passe på og hjelpe kvarandre der det var glatt.

I dag måtte alle samarbeide for å få opp hengekøya som vi hadde med i sekken og samarbeid det er noko vi Harane kan!


"Barnehagen skal legge til rette for eit mangfald av naturopplevingar, og få oppleve naturen som arena for leik og læring." R-plan 2017



Etter den lange vegen opp var det fint å slappe av i køya medan vi venta på maten.


Det var kjekt å kome i gang med tur igjen!

mandag 8. januar 2018

Snømannfamilien - stor - mellomstor og liten

I dag måndag 8.januar skapte Revegruppa 
flotte kunstverk utanfor barnehagen. 


  
Oppgåva til førskuleborna var å lage 
ein stor, ein mellomstor og liten snømann. 
Det vart ein snømannfamilie på tre! 


Dei skulle blant anna erfare og samanlikne storleikar. 


Etterpå måla dei snømannfamilien i flotte fargar! 


Ein spennande dag i snøen!⛄⛄⛄

fredag 5. januar 2018

Måling og snø på Brakkebyen


Vinter, kaldt og frost i bakken.
Uteområdet vårt har frose - kva kjekt kan ein finne på da..?

I dag gjekk alle små og store på Brakkebyen ut på føremiddagen. 
Vi tok med måling i ulike fargar.


Først måtte vi hakke laus snø og fylle bøttene våre.



Deretter hadde vi måling i og blanda den med snøen.
Dette vart nesten som magi! 





Snøen vart farga i både raudt, blått, grønt og svart. 



 Borna var ivrig med i prosessen og det fengja.
Vi gløymde at det var litt kaldt på fingrane og tærne våre, og vi hadde ein kjekk føremiddag saman ute i kulden!


Eit frose uteområde som kanskje ikkje innbydde til leik og fantasi, fekk gjennom impuls frå vaksne nytt og spennande innhald.

Som Rammeplan seier skal barna i barnehagen få leike og utfalde skaparglede, undring og utforskartrong (KD, 2017, s. 19).

Dette fekk borna på Brakkebyen oppleve denne føremiddagen.