NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 23. mai 2017

Ny barnehagen veks

Åh, kor spennande!! Så stor, no er det lettare å tenke korleis det blir. Tenk trapp bake og heis.. 

Kanskje dei blir ferdig før dei skal, kanskje Fjellrevane kan gå der! Berre bittelitt!?! 


Og epletreet vårt har flotte blomster på. 
Så kjekt at det vart berga!!

torsdag 11. mai 2017

Rapport frå bygging av ny Tryggheim barnehage, Vatne


Det går virkeleg framover på tomta vår.
No har dei begynt på andre etg. også.

Det går heilt etter framdriftsplanen.
Viss det fortsette i same tempo vonar vi på oppstart 
i ny barnehage etter Påske i 2018.


onsdag 10. mai 2017

Fjellrevane på Ramnfloget



I dag har vi flott tur til Ramnfloget ilag med Fjellrevane. 
Her oppe ser vi heile verda, småbåthamna i Valldal og til og med Afrika!! 


mandag 8. mai 2017

Frigjeringsdagen 8.mai



I dag hadde vi samling om det som skjedde 8. mai 1945 når krigen i Norge var slutt etter 5 år. Tenk nesten like lenge som Revane har levd. Vi snakka om korleis det var å bu i eit land der det er krig, kor glade dei var den dagen det vart fred. Vi hadde 1 minutts stillheit, der vi skulle tenke på det som hadde skjedd. Tenk kor heldige vi er som har fred i Norge.




lørdag 6. mai 2017

HARANE OG SKOGMUSENE PÅ GARDSBESØK FRAM i VATNEBYGDA

Tenk kor heldige vi er som har eit yrande dyreliv rett utanfor døra i barnehagen! Onsdag fekk vi klappe hestar, sett følet, klappa sauer med kjempefine lam, studert traktor og sett på små kyllingar. På vegen framover plukka vi kvitveis og hestehov. No er det vår i Vatnebygda! Vi kosa oss med maten vår nede med Vatnevatnet.


                            


                           


                            


fredag 5. mai 2017

Kom mai du skjønne milde!

For nokre deilege dagar vi har fått! Dei har vi sjølvsagt utnytta til det fulle med mykje utetid! Heilt fantastisk å sleppe både regnklede og tunge vinterdressar, no er trivselen på topp!


Rett utanfor Brakkebyen er der ei flott fjære. Kvar dag ser vi på båtane gjennom vindauga, måsane som sitt på lyktestolpen og høyrer fuglane som syng i kor. For ei utsikt vi er så heldige å ha! Dette er eit området vi kjem til å nytte oss meir av. Dei som har fått vore der nede storkosar seg! Mange steinar som plaskar i sjøen når vi kastar dei, tang og tare som er spennande og kjenne på, og brått dukkar det opp både småfiskar og små krabbar.


Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags ver. Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver seier at gjennom arbeid med natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna oppleve naturen og undring over naturen sitt mangfald. Og at dei skal få oppleve glede ved å ferdast i naturen og får erfaringar med dyr og vekstar.






Førskulegruppa på Leirdag på Vestheim

Saman med Førskulegruppa på Tryggheim barnehage, Brattvåg starta vi dagen (onsdag 3.mai) med ein busstur frå Barnehagen til Vestheim på Vestnes. Når vi kom fram fekk vi bollar og frukt før vi hadde ei lita samling i salen, der vi fekk høyre litt om kva vi skulle gjere denne dagen. Og vi song litt songar i lag med Hege, som vi bruker å få besøk av. Vi fekk og helse på dokka Siri. 





Etterpå gjekk vi ut, der vi fekk prøve 9 ulike postar.

Vi spytta rosiner, om å gjere å spytte lengst. Vi pusla puslespel og lærde eit lite bibelvers.



Vi kasta ball og prøvde å treffe opp i bøtta. Vi svarte på ulike spørsmål, gjetta på kva som var gøymt bak nokre bilete, kasta på ringspel, slo med golfkølle, der det var om å gjere å treffe holet med mest poeng, og vi putta handa i ei kasse med eit lite hol, der vi skulle «sjå» med hendene kva som var i kassa. Og vi frakta vatn frå ei bøtte til eit litermål med skeier, der det var om å gjere å fylle mest vatn i litermålet.



Etter lunch var det tid for samling. Ole, ein av leirleiarane kunne mange rare triks. Han kunne til dømes skru hovudet fram og tilbake med handa si 😊 Og han lærde oss ei regle om ein fugl, med rørsler der ein brukte meir og meir av kroppen til å røre vingane, føtene, hovudet, tunga og til slutt nebbet.


Vi fekk sjå flagg frå Bolivia, Eritrea, Kina og Noreg. Som er land der Nlm jobbar. Så var det tid for flyreiser til Bolivia, Eritrea og Kina. Vi fekk høyre litt om landa og sjå og høyre om klede, instrument og andre rekvisita frå dei tre landa. På desse flyreisene var vi i lag med Tryggheim Torvikbukt, og ein av dei vaksne frå Torvikbukt var «flykaptein».


Vi hadde ein kjekk dag på Vestnes i lag med mange kjekke barn og vaksne. Nokre fekk og nye vener. I tillegg fekk vi to fine bussturar rundt Vestrefjorden, Rekdal, Fiksdal og Tomrefjorden. Då fekk mange sjå nye stader, og Louise, Mathias og Markus fekk peike ut husa sine. På Solstrand og Langstein såg vi store kraner som var i bruk for å bygge/reparere båtar. Og vi fekk sjå Sauer, lam og geiter, som gjekk på markane.

--------------------------

Vestheim er ein av Leirstadane til NLM region Nordvest. 
Meir info finn du på denne nettsida