NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 18. oktober 2016

FJELLREVANE PÅ LANG FJELLTUR



Det var ein kald morgon, ein kjempefin oktoberdag at vi Fjellrevane på Tryggheim barnehage la i veg på fjelltur. I dag, 12.okt var kun fem Fjellrevar på plass. Dei andre hadde haustferie. Langs vegen var gras og blomster fulle av rim, flotte krystaller som glitra i sola. Vi kunne veldig gjerne tenkt å smakt på det, for det er kjempegodt med is og snø, men så tenkte vi på hunda og katta, tenk om dei hadde tissa, eller.. esj! Det kom røyk ut av munnen vår og på Vatnevatnet var det tjukk røyk. Brenn det, eller?? Vi undra oss i lag om kvifor det var slik.


Det var masse fine haustfargar å sjå. Vi rista litt på nokre greiner og blada dala ned. Tenk når det vart storm eller kanskje orkan. Då ville blada dette ned då! Vi hugsa ein gong før vi gjekk på tur, då regna det og blåste, så vi nesten ikkje klarte å gå!! Vi vart mint på at det kan blåse veldig, så sterk vind at store tre vart knekt rett av eller at dei kunne dette ned med rota opp. Det var mange slike tre å sjå på langs vegen.


Det var mykje å sjå på og mykje vi hugsa fra tidlegare turar. "Hugsa du når vi var der? Den mjuke mosen, at den var som ei seng og at der var så fint at eg hadde lyst å bu der?? Sjå no er firkantperikumen brun. Der fann vi masse nøtter og forskjellige blad. Den døde musa? Hugsa du når vi steikte fiskekaker der?"


Å stoppe opp, setje seg litt på benken og slappe av og få litt påfyll med frukt er viktig.


Hm, i dag var elva nesten tørr og vi måtte ned og sjekke. For under vegen er det eit stort rør og då vart det plutseleg ei bru og under den var sjølvsagt det store trollet og Bukkane Bruse.


Vips så var vi på Ulstadsætra, hadde skrive namnet vårt i boka og var på veg vidare.


Og vi enda oppe ved Ulstadvatnet, det er der vi får vatnet vi drikk i frå. Rart å tenke på. Tenk at det går store rør ned til vassverket, der blir det rensa.  For det hadde ein mann sagt til oss ein  gong, at det ikkje gjekk ann å få  reinare vatn!!


Hytta ute på vatnet, flaut den?? Det såg nemleg slik ut. Randi fortalde om ein gong barnehagen hadde gått på ekspedisjon til hytta ein vinterdag. Då var isen trygg og ein kunne gå bort til hytta. Døra er vekk og vi kunne sjå inn. Inne var det kopper på kjøkkenet, krydder i skapet. Der var dyner og tøfler. Åh, dit ville Fjellrevane også!!


Mat og litt kvile måtte til.


Vi hadde lyst å gå vidare.  Så vi balanserte på steinane over elva.


Og vi gjekk vidare oppover. Det var kjempefint å gå. Nokre plasser var det nesten som trappetrinn. Blåbær og tyttebær fann vi også.


Det var mange merker undervegs. På mange steiner stod det ein F, det var ein av Fjellrevane som kom på at det var F for Fjell, Fjellrev og Frukt!! Så vi kunne telje fem, seks eller tre F, då vart det Fruktstopp!!


Eller noko anna vi hadde med, det var Seigemanna. Mm det smakte godt!!


«Heia!! Sjå kor lang eg er. No går eg oppå deg!»  Oss hadde veldig lange skugga. Stilig!!


Otrefjellet. Vi var oppe og då måtte namnet skrivast i boka. Det kom ein mann og han delte sjokoladen sin med oss alle!


Det er eit veldig spennande fjell, med mange sprekker og steiner, så vi måtte halde oss til råsa.  Alltid ein vaksen fremst og bakerst.


Kva liknar Ulstadvatnet på? Insekt, ku, sommerfugl eller gris var av forslaga. 


IS. Glede!! Vi kunne gå på den, hoppe på den, kjenne på den og smake på den!!!




Det vart ein litt spesiell dag! Turmålet i dag var eigentleg Ulstadvatnet, men med barns medverknad og positive barn gjorde at turen vart mykje lengre enn vi  hadde drøymt om. Sjølv om vi var trøytte og slitne etter ein lang tur, så hadde vi ein fantastisk dag. Der vi hadde tid til å undre oss i lag, utfordra oss sjølve motorisk, tulla og tøysa med ord og det var mykje humor og glede! Marianne og Randi hadde i alle fall nok ein kjempetur i lag med Fjellrevane. Takk for ein toppers dag, ein slik dag vi alltid vil hugse med glede!!

søndag 9. oktober 2016

FJELLREVANE PÅ TUR TIL HOVSETSÆTRA

5. Oktober bestemte Fjellrevane seg for å gå på fjelltur. Før sommaren begynte vi på vegen til Hovsetsætra, men vi kom ikkje oss heilt opp, så i dag hadde vi som mål å greie heilt opp til toppen, slik vi kunne skrive oss inn i boka!



No veit vi at vi er på rett veg!


På god veg opp mot toppen!


Ein turven som hjelper å ta ut drikkeflaska frå sekken.



Vi kom oss heilt opp til 420m over havet! SUPER innsats av alle Fjellrevane! Bratte bakkar og ulent terreng, men vi er så kjekke med kvarandre som alltid spør om det går bra, eller om nokon andre treng hjelp!


Innskriving i boka på toppen :-) Kjekt å få skrive sitt eige namn heilt sjølv!


SÅ glade for å ha kome oss HEILT opp!!


«Kom skal eg hjelpe deg, ta handa mi så kjem du deg opp!!»

 Ei hjelpande hand er det alltid kjekt å få!

torsdag 6. oktober 2016

MR. PING PÅ BESØK

Måndag  03. Oktober var vi så heldige i barnehagen å få besøk av Knut og Mr. Ping. Mr. Ping er ein pingvin som bur på Sørpolen. Der er det fryktelig kaldt og mykje snø. Mr. Ping har fått i oppgåve frå kjærasten sin å passe på eit egg. Vi i barnehagen måtte vere heilt stille, slik at vi ikkje skremte egget. Mr. Ping hadde også eit eige skjerf slik han ikkje skulle fryse.



Knut hadde med seg ei stor kasse med mange rare ting som lagde forskjellige lydar, og vi fekk høyre alle lydane som var oppe i kassa. Oppe i kassa var det alt frå nøklar, ei klappande hand, og mykje rart som laga lyd!  Mange spennande lydar fekk vi høyre!



ENDELEG blei egget klekt, og Mr. Ping blei far! 
Det vart ei lita pingvinjente!


Knut lærte oss pingvinsangen og deretter dansa vi til den!
Etter Knut hadde tatt ut alle lydane frå kassa, vart det veldig rotete på scena, men heldigvis var det mange ivrige Revar og Harar som ville hjelpe han å få det opp i kassa igjen.


Når teateret var ferdig, fekk alle som ville få seg ein god klem frå Mr. Ping og pingvinjenta. Deretter gjekk vi inn på kjøkkenrommet for Knut skulle gøyme eit musikk egg, slik vi skulle finne det og få til å ha det i barnehagen!
Knut hadde gøymt det kjempe godt, og alle trudde han hadde lurt oss trill rundt!!
Vi leita og leita og leita….


Og leita og leita. Under sofaen, bak pianoet, i bøkene og i legoen.. men ingen egg å finne…



Vi begynte å gi opp og trudde han hadde lurt oss trill rundt, heilt til Mette såg opp på korset på veggen og DER låg egget!!


........
Haram kommune har meldt barnehagane inn i 
Det gjer at vi ein gong i halvåret får teaterbesøk i barnehagen.
Opplegget er tilrettelagt for 4-5 åringar.



tirsdag 4. oktober 2016

Lesestund i sofakroken


Inne på Nøtteliten har vi mange spennande bøker i bokhylla. Vi likar godt å lese. 

Ekstra kjekt er det med bøker som lagar dyrelydar! Vi ser kua og høyrer «Møøøøøøø», då skrattar vi godt! Det er kjekt å lese saman med andre barn, men og når ein vaksen les til oss. 

mandag 3. oktober 2016

TUR TIL SKULEN SIN GAPAHUK

Mandagar er Skogmusene sin turdag og denne gangen var det skulen sin gapahuk som var målet.
På turen oppover måtte vi stoppe og sjå på det fine rimet som var kome på blada denne natta.

Då vi kom eit godt stykke opp kunne vi sjå heilt ned til barnehagen vår.


 Vel framme i gapahuken kunne vi lage eigne smørbrødpakka som vi varma på bålet.




 Spennande å sjå om all osten var smelta.


Etter mat gjekk vi på oppdagelsesferd i det høge graset. 


På veg ned til barnehagen fekk vi auge på skulen laaaangt der nede. Helen hadde og med noko godt å bite i som vi fekk på veg nedatt.

 Vi gler oss til neste tur!

Haustbilde Skogmusgruppa og Ekorna gr.Blå


Torsdag 29.09.16 gikk alle Skogmusene ned til 
Brakkebyen. Halvparten av Skogmusene var inne for å lage kvart sitt haustbilde i lag med Blå Ekorna.


Noko som dei syntest var gøy. 
Når dei var ferdig med det var det nokre som fortsatte med å male.


Vi valgte å lage eit haustbilde av handavtrykk fordi det er haust, og på grunn av at det klarer alle å lage og noko vi gjer i felleskap.



Barnehageåret 16-17 er vi så heldige at vi har to lærlingar i Barne - og ungdomsarbeiderfaget på barnehagen. 
Silje hjå Skogmusene og Eva Kristin hjå Ekorna. Dei skal innimellom samarbeide for å lage eit opplegg for dei gruppene dei er på. Denne formingsaktiviteten og blogginnlegget kjem frå samarbeidet mellom dei. 

torsdag 29. september 2016

BRANNVERN

I veke 38 og 39 har vi på Maurtua fokus på brannvern.
Hovudmålet denne perioden er at barna skal lære kvar vi skal gå om det vert brann, eller når vi har brannøvingar. Dessutan at barna skal lære dei tre naudnummera: 

110, 112 og 113

Dette har vi lært blant anna gjennom å synge denne songen:


En brann er ikke tull Du må ringe 1-1-0
Liten glo blir fort til flamme
Du må ringe med det samme
Så før brannen står for full,
og du mister gods og gull
Må du ringe 1-1-0

Har du fått en tyv på do
Må du ringe 1-1-2
Er noen veldig slem mot deg
Må du ringe i en fei
Er det noen der mon tro som prøver stjele no
Må du ringe 1-1-2

Har du veldig vondt et sted
Må du ringe 1-1-3
Hvis et liv kan gå tapt
Må du ringe veldig kjapt
Har du falt ned fra et tre
Slått et hull i ditt kne
Må du ringe 1-1-3



Vi testa brannslangen, og sløkte «brann».


 Vi laga skum med brannslangen.



Den dagen Raudrevane laga skum, var og Skogmusene og Ekorna i gamlebarnehagen, og ungane kosa seg med skummet, i lag.



Vi har fargelagd teikningar og hatt samlingar med branntema.

Og vi hadde besøk av brannbilen og fekk sete på kvar sin tur, det var gøy!!

Takk til HARAM BRANNVERN som kvart år stiller opp for oss.