NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 18. mars 2016

Frå egg til kylling!


Bilde

8 små nøster vart det! 
¨Dei er så søte, kan vi ha dei med oss heim?¨, kjem det frå spente barn på Maurtua som gjerne kunne tenkt seg å lure ein kylling nedi lomma på veg heim.




Endeleg fekk vi klappe dei!  





 Heldige små kyllingar som får flytte til sin nye heim på Hellestranda.

torsdag 17. mars 2016

PÅSKEVANDRING I KYRKJA

I dag har heile Maurtua gått opp i kyrkja på påskevandring. 
Vi tok ei lita matpause på trappa utanfor kyrkja, medan vi venta på at det skulle bli vår tur.  
Vi satte oss forhåpningsfulle på dei bakerste benkane medan Astrid fortalde oss kva vi skulle gjere i dag.  



Vi fekk utdelt ¨palmegreiner¨ som vi skulle vifte med og rope ¨Hosianna¨. Det var det menneska ropte når Jesus kom ridande inn i Jerusalem.  


Alle gav kvar sin peng i tempelkista.


Den som ville det fekk vaske føtene sine.


Vi hadde påskemåltid med flatbrød og ¨vin¨


Vi fekk høyre heile historia på altertavla.



Vi fekk blomster som vi skulle legge på grava til Jesus.



Tusen takk til Astrid og Vivian som tok oss med på ei fin påskevandring! 

VÅREN ER KOMEN TIL BARNEHAGEN

Onsdag var små og store ute og leita etter småkryp.

 Under plankar og stein fann  vi mange rare skapningar.





Vi laga hus til småkrypa og samanlikna dyra i ei bok vi har om småkryp.


Vi fann og ei gul marihøne med 7 kvite prikkar på kvar vinge, 
om nokon har lyst å hjelpe oss med namn på denne arten, 
blir vi veldig glade. Gi gjerne tilbakemelding til personalet.





Vi gler oss til å forske meir på kva som skjer ute i naturen framover.

Hurra det er vår!!

Påskesamlingar på Maurtua

Alle barn og vaksne var samla til påskesamlingar. Målet med samlingane var å få kjennskap til kvifor vi feirer påske.

·       Jesus rir inn i Jerusalem
·       Jesus vasker føtene til læresveinane og det siste måltidet
·       Jesus døyr og står oppatt

Vi har brukt konkreter, bøker, song og formingsaktivitetar som metoder.


Hurra nå kommer kongen
på et esel rider han 
vi vil rope hosianna 
og hylle ham med sang. 

Vi har pyntet her på veien 
med palmeblad og klær 
vi har klatret opp i heien 
for se han kommer der.



Hvorfor valgte du en eselfole, Jesus?
Du kunne i det minste valgt en hest!
Du gjorde deg så ussel og så liten

da folkemengden ville lage fest.




Hvorfor valgte du en tornekrone, Jesus?
Du kunne fått en gullkrone så fin,
for folkemengden ropte: "Hosianna,
velsignet konge!" Sjansen var jo din.


På Golgata stod det et kors.
Jesus døde på korset.
I hagen var det en grav.
Jesus lå i den graven
:/:Men korset er tomt og graven er tom
Jesus stod opp og han lever.:/:


Dine hender er fulle av blomster,
hvem var det du tenkte å gi dem til?
Mine blomster er plukket til Jesus,
graven den er tom, han var ikke der
Halleluja, halleluja, halleluja, halleluja!

mandag 14. mars 2016

Nøtteliten på besøk for å sjå på kyllingane.

I dag har vi vore på tur oppe i barnehagen. Vi hadde høyrt rykte om at det var klekt ut kyllingar der oppe, og dei hadde vi lyst å sjå på.

Då vi kom opp var der 8 små søte nurk som gikk rundt og trippa, så spanande å sjå nytt liv. No var det slik at vi hadde kanskje sett for oss nokre gule små nøste, men disse som trippa rundt her var mørke og litt spragla.



Dette er rett så spanandeJ


Kyllingane er i dei beste hender når Mette passer påJ

fredag 11. mars 2016

PÅSKEFØREBUING OG PÅSKEVERKSTAD PÅ MAURTUA



Vi er godt i gang med førebuingar  på avdelinga vår. Vi har vaska vindauga og gjort klart for nye kunstverk og kreative påskefigurar. Samarbeid er noko vi er gode på!



Vi har laga Påskelandskap og er i gang med å høyre om Påskebodskapen.


Barna er kome godt i gang med formingsaktivitetar. Det er lov å kome innom å sjå!

Innhaldsrike, kreative og kjekke dagar no før Påske .