NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 11. mars 2016

KLEKKING AV KYLLINGAR I BARNEHAGEN

I år som i fjor prøver vi oss på klekking, denne gang med egg frå dverghøner.       

Barna i barnehagen får vere med i prosessen frå egg til kylling, og vi voner dette skal gå bra i år og.
Det har vore ein lang prosess og vi kan nesten ikkje vente, så spennande er det! Kanskje vi høyrer det pip i egga allereie på måndag……….



På plansjen under kan vi følgje med frå dag til dag på utviklinga inne i egget. 


Kanskje det snart pip inne i egget…….     Det skjer to dagar før klekking………. 

onsdag 9. mars 2016

Skogmusene på tur til lavvoen


På veg til lavvoen snakka vi med ein ponny og ein hest! Trur dei hadde lyst på litt mat med oss. Dei var kjempefine!



Kjekt å klatre i tre og utforske oppe i skogen! Insekta har begynt å leve under mosen. Vi fann til og med gaukesyre i dag! Det smakte godt!



Inne i lavvoen bur det nokre edderkoppar. Vi dikta eventyr om dei tre edderkoppane som hadde lyst på fiskekake.



Skogmusene kosa seg iallefall med fiskekaker i dag!


No blir det spennande å sjå om fuglane kjem og bygg reir i fuglekassene! Mykje spennande å utforske oppe med lavvoen! No gler vi oss til våren J

tirsdag 1. mars 2016

BARNEHAGEDAGEN 2016


Barnehagedagen vert markert 1.mars 2016:

Med slagordet «Les høgt for oss!» handlar det denne gongen om barnehagane sitt arbeid med å sikre barn ei god språkutvikling med særlig vekt på å lese høgt for og med barna. 

I vår barnehage ynskjer vi å gi borna planlagte og tilrettelagte høgtlesingstunder i tillegg til den spontane lesinga.

På Nøtteliten ynskjer vi å språksette alt vi held på med i kvardagen. Vi vil at dei skal bli kjende med ord og omgrep knytt opp imot dei kvardagsrutinane vi har. Det å bli "bada" i ord og omgrep gjer at dei etterkvart viser både språkforståing og at dei byrjar å bruke orda sjølve. 



Barna er glade i å sjå i bøker og mange av bøkene har bilete av kvardagsting/situasjonar.

Bikuba og Maurtua har begge arbeidt aktivt med eventyret "Skinnvotten". 
Det er eit ukrainsk folkeeventyr, igjen fortalt av Alf Prøysen. Vi har dramatisert med figurar, og barna har sjølve vore med å dramatisere. Det å bruke konkrete gjenstandar og figurar gjer at eventyret får ein ekstra dimensjon for den som lyttar, når ein også får noko å sjå på. Konkrete gjenstandar kan sikre forståinga for dei minste barna og for dei som held på å lære seg norsk.




Dette har vore eit spennande tema med kulturformidling, språktrening, glede over å dramatisere og formingsaktivitetar. Vi har også fått trene på inkludering og samarbeid! Temaet har gitt barna kjensle av både glede og meistring.

I kvardagen legg vi vekt på at barna dagleg skal få oppleve spenning og glede ved høgtlesing. Og vi brukar Biblioteket aktivt.

Kvifor er høgtlesning så viktig?
Barnelitteraturen tilbyr barna erfaringar med språk som er meir komplekst enn deira eige muntlege språk, og rike erfaringar med høgtlesing utviklar og styrkar barna sitt ordforråd. Difor er det viktig at barnehagen er ein stad der alle barn dagleg møter fortelling og lesing - og ein stad der barna vert oppmuntra til å fortelle sjølv. Kort sagt - det er berre å ta fram boka. 


Gratulerer med dagen til alle barnehagar!

Det er Fagforbundet, Utdanningsforbundet og Foreldreutvalget for barnehagar (FUB) som kvart år samarbeider om Barnehagedagen.

fredag 19. februar 2016

TO FISK OG FEM SMÅ BRØD

I DAG VAR VI SÅ HELDIGE AT HEGE KOM PÅ BESØK TIL OSS.
HEGE ARBEIDER I NLM UNG, OG HO REISER RUNDT TIL BARNEHAGAR, BARNELAG OG ER PÅ MANGE LEIRAR.

HEGE BRUKAR Å BESØKE OSS EIT PAR GONGAR PÅ HAUSTEN OG EIT PAR GONGAR PÅ VÅREN.

PÅ NØTTELITEN SYNG HO MANGE BARNESANGAR.
MEDAN HO OPPE PÅ HOVUDHUSET BÅDE SYNG OG FORTEL.




I DAG FORTALDE HO OM GUTEN SOM GAV NISTEPAKKA SI TIL JESUS. JESUS GJORDE EIT UNDER SLIK AT DET VART NOK MAT TIL ALLE MENNESKA SOM HADDE SAMLA SEG FOR Å HØYRE PÅ HAN. 




SJØLV OM VI ER SMÅ KAN VI VERE MED Å HJELPE ANDRE.
HO VISTE OSS BILETE PÅ NETTET DER VI FEKK SJÅ AT VI PÅ TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE HADDE SAMLA INN MANGE PENGAR SLIK AT BORN I SØR-AMERIKA KAN FÅ DET BETRE.




PÅ MAURTUA FEKK BORNA VERE MED PÅ EIN FORMINGSAKTIVITET DER DEI LAGA NISTEPAKKE MED TO FISK OG FEM BRØD.


 



Her er ein sang Hege lærte oss:

"TO SMÅ FISK OG FEM SMÅ BRØD"
Ivar Skippervold

Du har vel hørt, du har vel hørt
(en hånd på venstre øre, så en hånd på høyre øre)
Du har vel hørt hvordan det ble
(begge hendene ut)
2 små fisk og fem små brød
(2 fingre opp venstre hånd, fem fingre opp høyre hånd)
Alle kunne få
(del ut mat med hendene)
Tusenvis ble mette
(sirkle hånda på magen)
men ingen kunne forstå
(rist på hodet)
det som hente, det som hente

onsdag 17. februar 2016

SPORJAKT OG GLEDE I SNØEN!

Onsdag er det turdag for Blåharane! I dag gjekk turen til gapahuken til skulen, der vi skulle jakte på spor i snøen!



Vi såg mange spennande spor på veg opp til gapahuken!! Kanskje var det hjort, rådyr, mus eller rev?




Vi undra oss over kva spor dette kunne vere?



I skogen med gapahuken fann vi mange kongler som var blitt ete på. Blåharane trudde det var både mus og ekorn som hadde vore svolten og tatt seg ein bit no i vinter.

 Vi avslutta turen med ståandes buffé og leik i snøen!

 



tirsdag 16. februar 2016

Nøtteliten kosar seg i snøen!!

Endå er det vinter her med oss og det setter borna på Nøtteliten pris på. Det kan sjølvsagt vere ei utfordring med store vottar og at vi ikkje alle er like stø i ganga endå, men gleda den har vi.



Her lagar vi snøkake.  Kjekt å snu bøtta og sjå om det blir kake, men kanskje like kjekt er det å slå den i stykke etterpå. J

 



Ein ting vi er einige i, snø smakar godt!



Sjølv om det er snø kan ein godt leite fram vippedissa og vippe ute i snøen, det går berre ikkje like fort.



Ikkje alltid like godt å få tak med vottar, men innsatsviljen er på plass.

Vi ynskjer at barna skal få oppleve glede ved å vere ute å oppleve snøen og kjenne på mestringsglede ved å kunne leike og bevege seg rundt. Vi undrar oss saman med dei over fenomenet  snø, og tek aktivt del i gleda det er å leike i snø. 

søndag 14. februar 2016

SKOGMUSENE PÅ BIBLIOTEKET


Skogmusene starta fredag 12.februar med å plukke ut nokre barnebøker frå eige «barnehagebibliotek» som vi las høgt for barna. Vi delte oss inn i små grupper og barna fekk velje kva for bøker dei ville høyre. Det er spennande å lese gode barnebøker! 
Fredagane er Haram folkebiblioteket på Vatne ope, og i dag bestemte vi oss for at alle Skogmusene skulle gå på biblioteket. På biblioteket var det mange flotte og fristande bøker og ulike spel. Lisa på Haram folkebibliotek sa at ho ville invitere oss til biblioteket på «Eventyrstund» ein dag. Vi gler oss!



I barneavdelinga fann vi både bøker og spel! Mange ivrige barn som skal låne med seg bøker!



I Rammeplanen for barnehagen står det at personalet må skape eit miljø der barn og vaksne dagleg opplever spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale.