NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 12. februar 2016

Skinnvotten del 2 Harane

Denne perioden arbeidar vi med eventyret om skinnvotten. Vi har lese eventyret, dramatisert og vi har halde på med formingsaktivitetar for å bli kjend med dyra i eventyret.
Hovudmålet med prosjektet er :
·       Vennskap og inkludering, noko som vert aktualisert i eventyret der det eine dyret etter det andre får kome inn i votten.
·       Språkstimulering, både gjennom å høyre eventyret og setje ord på det som vi held på med.

·       Naturen om vinteren, vi fokuserer på å ha det kjekt ute i snø og kulde. Vi kosar oss med varm mat og/eller drikke på tur. Vi leitar etter spor i snøen og får erfare varierande underlag, med bare vegar, is og snø om kvarandre.




Vi lagar bilete ved å kombinere ulike teknikkar som maling, klipping og liming.

 

Handa får vere mal for votten.







På tur dramatiserte vi eventyret.

Sjå også Skinnvotten del 1 Revane for å lese eventyret og sjå korleis ein også kan jobbe med temaet.

torsdag 11. februar 2016

Skidag i Engsetdalen

Onsdag 10.feb var alle på Maurtua på tur til Engsetdalen og vi tok buss i lag med Tryggheim barnehage i Brattvågen. Og når vi kom fram møtte vi også barn frå Utigarden barnehage. Nedafor Misjonshuset var det laga skiløype med scooter, stilig! Det var Jarle Ekroll, som inviterte oss, han hadde laga løype og organiserte det heile. Den som ikkje hadde ski rann på akebrett, leika i snøen, sprang rundt løypa eller var heiagjeng! 



På med skia våra!


 Klar ferdig gå!


 Nokre gjekk på ski for første gong, andre var lenge sida sist. Det var nye ski, lånte ski og nokre kunne tenkt seg å hatt ski. Nokre suste avgårde og gjekk runde på runde, medan andre hadde nok med ei. Vi gjekk og datt, ikkje alltid så lett å få skia rette vegen, men vi stod på!! For ein herleg gjeng med Maura!!




Godt med matpause!! Kjekke damer laga mat til oss! 





Ein flott dag er over, med mykje nye skiferdigheiter, gullmedalje, premie, humor og glede! 

mandag 8. februar 2016

SAMISK KULTUR I BARNEHAGEN

Laurdag 6. februar var det Samefolkets dag.

Gjennom arbeidet med fagområdet nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at barna vert kjend med at samane er Norge si urbefolkning, og at dei får kjennskap til deler av samisk kultur og kvardagsliv.

Slik markerte vi dagen i vår barnehage:
Vi starta dagen med film, og fekk eit innblikk i korleis samane lever. Vi har og høyrd på joik og anna samisk musikk.



I gapahuken fekk vi smake på tørka reinsdyrhjarte, noko som er svært eksklusiv mat for samane.


Vi prøvde å kaste lasso på reinsdyrgevir. 



Dei som ikkje greidde å kaste lasso, fekk sjølvsagt gå fram å legge den på.
Ein fin måte å markere og å få litt kjennskap til den samiske kulturen. 

søndag 7. februar 2016

JESUS OG DEN LAMME MANNEN

Revane har jobba med forteljinga om Jesus og den lamme mannen.  Den handlar om fire venner som samarbeider og hjelper til med å få den lamme mannen til Jesus. Dei måtte fire han gjennom taket for å komme til Jesus, då det var stor trengsel rundt der Jesus stod.

Vi laga byen Kapernaum der hendinga fann stad. 





Vi laga byen slik vi trudde den var på den tida og dramatiserte forteljinga.




torsdag 4. februar 2016

Fysiske utskeielser på Nøtteliten

I dag har dei minste barna hatt fysisk fostring på planen. Vi laga hinderløype og alle fikk prøve etter tur. 


Vi laga utfordringar som gikk på både det å krype over og under hinder. 





I løpet av småbarnsalderen tileignar barn seg grunnleggande motoriske ferdigheiter og kontroll over kroppen. Variert fysisk aktivitet både ute og inne er av stor betyding for utvikling av motoriske ferdigheiter og kroppsbeherskelse.  


Gulharane på tur til lavvoen med sporjakt

I dag 4.februar drog Gulharane på tur.

Mål: Vi lærer om vinter og dyr

Gjennom arbeidet med Kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna
-        vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd

Gjennom arbeidet med Kropp, rørsle og helse skal barnehagen bidra til at barna
-        skaffar seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar
-        får gode erfaringar med friluftsliv og uteliv til ulike årstider
-        utviklar glede over å bruke naturen til utforsking og kroppslege utfordringar

Gjennom arbeidet med Natur, miljø og teknikk skal barnehagen bidra til at barna
-        opplever glede ved å ferdast i naturen og får grunnleggjande
-        innsikt i natur, miljøvern og samspelet i naturen


Ut på tur, aldri sur J


Vi varmar ostesmørbrød på bål, før vi leiter etter spor i snøen.



Vi hadde med oss bilete av spora til Hare, Mus og Rev. 
Det var spanande å sjå kva for spor vi fann. 



Vi er heilt sikker på at vi fann spor av hund, fugl, mennesker, hjort og mus, nokre trudde og dei fant spor etter Ulv..



tirsdag 2. februar 2016

VINTERAKTIVITET, FROST, KREATIVE BARN

Kjekt med litt snø, slik at vi får halde på med snøaktivitetar! 
På mandag 1.februar laga vi snøfigurar. 
Barna på Bikuba trylla fram både Olaf, Anna og Elsa!

Barnehagen skal formidle verdier og kultur, gi rom for barns
egen kulturskaping og bidra til at alle barn får oppleve glede
og mestring i et sosialt og kulturelt fellesskap.


(Barnehagelova § 2 Barnehagens innhold)



Med barnekultur forstår vi her kultur av, med og for barn. Barn deltek i kultur og skaper sin eigen kultur. Barn gjenskaper sjølve og fornyar kulturen i samspel med kvarandre, med vaksne og med det kulturmøtet dei får med andre menneske og situasjonar. Barn tolkar inntrykka sine og skaper meining ved å leike og gi form til det dei er opptekne av. Kulturskapinga og leiken til barna fremjar kommunikasjon på tvers av kulturar. Barn må få høve til å uttrykkje seg gjennom mange «språk» og kombinere dei i leikande fellesskap og med ulike estetiske uttrykk.        (Rammeplan for bhg)


Stolte barn som trylla fram Elsa, Anna og Olaf.  Olaf med flott gulrotnase. Smakte godt gjorde den også J

                      

Kreative barn som samarbeider om å trylle fram snøfigurar. Spennande å få litt farge på snøen! Barna var flinke til å hjelpe kvarandre og vente på tur.