NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 9. november 2015

VERDSROMMET

Eg, Camilla, har vore så heldig å få ha praksisen min her i Tryggheim barnehage, Vatne. Eg har hatt eit opplegg som har gått over fem dagar med Revane, der temaet var verdsrommet. Vi starta med å lage eit sanserom der barna fekk være med å dekorere rommet til verdsrommet. Dette var utruleg spennande.
Det overordna målet med denne aktiviteten var at barna skulle kunne ta i bruk sin fantasi, kreativ tenking og skaparglede. Dei skal kunne utvikle evna til å bearbeide, kommunisere sine inntrykk og gi varierte uttrykk gjennom skapande verksemd. Dei skal også kunne utrykke seg på ein estetisk måte.
Gjennom dette opplegget ville eg legge vekt på barns medverknad. Barna har ein utruleg god fantasi, og det er viktig at barna får moglegheit til å medverke under faste rammer i løpet av ein barnehagedag. Mestringsfølelsen til barna er enorm og det gjer at det er lettare for barna å utrykke seg med at dei får være med å bidra. I omgrepet medverknad ligg tryggheit, samhald og forståing, det er viktig at barna får støtte og utrykke seg, både verbalt og gjennom kroppsspråk og gjennom ulike estetiske aktivitetar. Det aller viktigaste er at barna blir sett og hørt. Barna må få ta del i fellesskapet og føle seg inkludert. Derfor har eg dag for dag bygd vidare på det barna har vore med å medverke gjennom aktiviteten.
·        

Dag 1 hadde vi ei samling der vi snakka litt om verdsrommet og kva som fantes der, deretter fekk vi kvar sin stjernekikkert som vi tok med oss på ferda til verdsrommet.


Astronautane klare for å reise inn verdsrommet.




Stjernekikkertane var veldig populære :-) Mykje spennande i verdsrommet. 


 

 







 Her heng vi opp teikningane av det som vi forbinder med verdsrommet.




Dag 2 fekk barna eit brev frå astronautane der dei fekk ei oppgåve om å lage ein astronaut som dei kunne ha med seg på reisa si til Venus. Dette syntes barna var veldig spennande, og var veldig ivrige på korleis astronauten skulle sjå ut.

 

Astronaut 201 klar for reise til verdsrommet!



 

Dag 3 fekk barna eit nytt brev der astronautane lurte på om barna visste kva eit stjernebilde var. Vi prata litt om stjernebilda og lærte oss korleis stjernebilde «Lille bjørn» og «Orion» såg ut. 

 

Vi bestemte oss for å skrive eit brev tilbake til astronautane, fordi vi hadde veldig lyst at dei skulle komme på besøk. Og vi hadde mange spørsmål som vi lurte på. 

Dag 4 hadde det dukka opp enda eit brev frå astronautane, denne gongen var vi utruleg spente. Vi hadde nemlig eit håp om at astronautane skulle dukke opp, men dei hadde det så travelt så dei hadde heller sendt med mange bilete frå verdsrommet og svart på alle spørsmåla vi lurte på. 


 

Dag 5 brukte vi på å lage eit romskip og romdrakter. Vi leika at vi skulle til verdsrommet å besøke planetar. Vi møtte til og med ein meteoritt på vegen!

Her er vi på veg til planeten Mars :-)





Romskipet vårt hadde til og med to spakar. Den eine spaken gjer at romskipet flyg bakover den andre gjer at det flyg framover. 

.....................

Siste dagen fekk også Harane ta del i leiken i Verdsrommet.

onsdag 28. oktober 2015

TUR TIL ULSTADSETRA

I dag gjekk Blåharane på tur til UlstadsetraJ Vi fekk oss ein fin tur i det nydelege haustveret. Fine haustfargar, gode plommer, fin utsikt, snødekte fjelltopper i det fjerne, tett furuskog, fuglekvitter, klukkande vatn, utfordrande oppoverbakkar og haustdøsige insekt la ramma for ein spennande tur.

Vi fekk sjå støvelkastaktivitetar til 2 trinnet oppe ved vassverket og vi traff på fleire søte hundar som var på luftetur. Desse var berre så søte at dei måtte klappast og koses litt med (etter avtale så klart).

Oppe på Ulstadsetra smakte det veldig godt med lunsj i dag. Der var det også veldig spennande å leike, klatre i tre, smake på tyttebær og finne fine haustfargar. Vi helste også på turvennane våre Frøken Kanin og Løveungen, og las bok om Tarkus som vil at alle, både barn og vaksne, skal bruke refleks no når det blir tidleg mørkt på kveldane. 


Vi heier på kvarandreJ DrikkepauseJ



Løveungen og Frøken Kanin…    

               




Fine fargar og fin utsikt. På bilete under ser vi kranene på Eidet der den nye sjukeheimen blir bygd, og utsikt utover mot Ellingsøya. Viktig å stoppe opp og ta seg tid til å sjå på alt det vakre som er rundt oss…


 

 

Vi skriv namnet vårt inn i boka.             Leik med lommelykt og refleks.


«Skal vi være venner? Skal vi leike saman du og eg? 
Det å gå åleine, det er så kjedeleg syns eg!
Vi kan være venner, vi kan leke saman du og eg, 
kom å rekk meg handa, så går vi saman på vår veg.
Å vere venner, å halde hender, slik at vi kjenner DET GJER GODTJ»


#Tur#turvenn#haldehender#bryossomkvarandre#fjellet#haust#haustfargar#leik#glede
#lunsjpåsetra#godeopplevingar#turglede#løveungenogfrøkenkanin#tarkus#brukrefleksJ

mandag 26. oktober 2015

IKT i barnehagen

I høve temaet vi arbeider med no, Kjensler, har barna fått prøve seg på IKT. Vi starta med at barna tok bilete av kvarandre, der dei skulle vise ulike kjensler som glede, redsle, det å vere lei seg og sinne. Dei bileta som viste glede vil vi bruke på Harane våre, så desse kopierte vi og limte inn i eit Word-dokument. Barna fekk sjølve velje ut kva for eit bilete dei ville bruke. Barna skreiv og namna sine på PC-en, der fekk dei velje farge på bokstavane. Så skreiv vi ut dokumentet, og henta det frå skrivaren. 

      
I denne økta fekk barna erfaringar med å bruke kamera, dei fekk sjå korleis vi klipper og limer i dokument,  dei fekk skrive på tastaturet og vi skreiv ut det ferdige produktet.


Barnehagen har ei viktig rolle som oppvekst- og læringsområde for barn under opplæringspliktig alder. Barnehagen skal støtte utviklinga ut frå føresetnadene til barnet og gi kvart enkelt barn og kvar enkelt barnegruppe utfordringar.


IKT kan supplere barnehagens arbeidsmåtar, støtte barnas utvikling og læring og tilby nye uttrykksformer.
Gjennom arbeidet med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna
-        lyttar, observerer og gir respons i gjensidig samhandling med barn og vaksne
-        bruker språket for å uttrykkje kjensler, ønske og erfaringar, til å løyse konfliktar og til å skape positive relasjonar i leik og anna samvær

tirsdag 20. oktober 2015

NATURVEVING

FELLESAKTIVITET PÅ MAURTUA 16.10.2015

Vi har felles aktivitet som fokus fredagane, der målet er å samarbeide på tvers av gruppene. Denne gongen laga vi vevar av naturmateriale.


Vevane pyntar fint opp ute i barnehagen!!





onsdag 14. oktober 2015

«DEN BORTKOMNE SAUEN»

Harane har hatt samlingar om gjetaren som passa på sauene sine.     
Målet med samlinga var at Jesus er vår hyrde/gjetar. Han passar på oss.
Han er glad i oss og vil ikkje miste oss.
Han kjenner oss, vil hjelpe oss og passer på oss. 
Vil at vi skal ha det godt, at andre skal vere snill mot oss og at vi skal ha venner.

Vi snakka om kva ein gjetar er. At han passer på sauene sine, at dei har det godt og verner dei mot ville dyr. Han leder dei til plasser det er godt gras og vatn. Han steller og kjenner sauene sine, akkurat same som Jesus vil gjere med oss. Vi kan vere trygge når Jesus er vår hyrde/gjetar.

Vi leika/dramatiserte om kor redd gjetaren var når han ikkje fann alle 100 sauene, kor han leitte overalt og kor glad han vart når han fann den som mangla. 
Telte.  Forming: Laga bilde av sauen. Kjente kor mjuk ulla var, lukta og forskjellige fargar. 
Kims leik. Brukte ulike effekter i forteljinga til å forsterke historia.

Gjennom arbeid med etikk, religion og filosofi, som i denne forteljinga frå Bibelen får borna innsikt i grunnleggjande verdiar, og barna får erfare at dei grunnleggjande samfunnsnormer og –verdiar.






onsdag 7. oktober 2015

POTETOPPTAKING I BARNEHAGEN


I dag (5. oktober 2015) tok Maurtua og Klatremusene opp poteter i barnehagen! Før vi gjekk ut spurte vi om dei huska når vi sette poteter i dei store bøttene. Det gjorde vi i mai, - når det var vår. Vi snakka vi om korleis vi sette «mammapotet» i molda, og at det etter kvart vaks mange «babypoteter». Det var spennande å grave i molda! Nesten som å vere på skattejakt! Nokre synst det var litt ekkelt å få mold på hendene, men det var spennande å sjå alle potetene som dukka fram! No skal det bli godt å smake dei!

Mange ivrige hjelparar!

 



 

onsdag 30. september 2015

TUR TIL VATNE BARNESKULE

Førskulegruppa på Tryggheim bhg avd. Vatne har 9 førskulebarn som skal begynne på Vatne barneskule og to barn som skal begynne på Tennfjord barneskule.


I dag gjekk turen til Vatne barneskule der vi vart godt motteke av elevane i 5. og 6. klasse. 
Dei passa på at alle følte seg velkomen, og underheldt med gitarspel og song. 
Etter presentasjonsrunden vart det tid for ymse aktivitetar saman med elevane.




I fylgje R-pl skal barnehagen i samarbeid med skulen leggje til rette for overgangen frå barnehage til første klasse. Førskuledagane er fine arenaer for dette. 



Vi avslutta førskuledagen med song frå elevane, og gler oss til neste førskuledag.