NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 30. september 2015

Kristen samling om då Gud skapte verda ( Humlene.)

Humlene høyrer om da Gud skapte verda i Kristen samlingstund denne perioden, og i dag fekk vi høyre om då dyr, fisk og fuglar vart skapt. Vi song ulike songar om skapelsen og song om dyra Gud skapte. Vi limte på bilder av det som vart skapt på eit prosjekt som heng på avdelinga som vi har arbeidt med i nokre veker. I tillegg på eit eige ark som alle tek med heim i permen sin. 


Det var ei veldig kjekk og god samlingstund der barna var engasjerte og ivrige.


                    



tirsdag 29. september 2015

MAURANE HAR FELLES AKTIVITET UTE PÅ BARNEHAGEN 29.09.2015

Sol, joggesko, glade barn og vaksne!! 

I dag var det hinderløype ute, med ulike postar rundt barnehagen. Variert fysisk aktivitet både inne og ute har svært mykje å seie for utviklinga av motorisk dugleik og kroppskontroll. Barna får ei positiv sjølvoppfatning gjennom kroppsleg meistring og dei skaffar seg gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler og utfordringar (R.pl.)

På dei ulike postane måtte vi vente på tur og samarbeide. 


Vi balanserte..


                Hoppa over hinder..  

                                                                                                                                      

sykla..


og kasta på blink!!

Barna fekk utfordringar i varierte og allsidige rørsler i dag. Venta på tur, tok hensyn  og oppmuntra kvarandre. Vi opplevde gleda av å vere saman og fellesskapet vi hadde når vi gjennomførte hinderløypa. Fellesskapet er grunnlaget for å bygge opp vennskap mellom dei enkelte barna.  

No gler vi oss til fredag, når Bikuba skal arrangere månadsfest for heile barnehagen!!                                                                                                                        

Humlene på jakt etter haustteikn!

Måndag 28.september gjekk humlene på tur oppover i Vatnebygda for å sjå etter haustteikn.

Vi har tema haust og vi ville sjå om det er tydelig i naturen at hausten er på veg. Det var mykje spennande å sjå i grøftene oppover bygda. Vi såg blad med fine fargar som hadde falt ned frå trea og rognebær høgt i eit tre som vi plukka ned. Naturen viste oss både haust og sommar, og det var spennande.


Vi fant rognebær, dei var fristande og raude. Nokre ville smake, men det smakte ikkje godt!


Vi studerte gras og blad i grøfta for å sjå på fargane.
Graset er veldig grønt enda, medan nokre av blada hadde bytta farge til brun. Kvifor blir dei brune?


Vi plukka blad frå tre for å sjå på fargane og kjenne om dei var mjuke eller harde.
Kvifor blir dei så harde – da?


Ein kjekk tur ilag med 9 nysgjerrige og undrande barn.

REVANE PÅ BESØK TIL SJUKEHEIMEN




Siste måndagen i månaden legg Revane turen til sjukeheimen for sosialt samvær saman med dei som bur der. 

I dag var det bowling som stod på planen, samt bordaktivitetar, men først måtte vi ha litt mat i magen.



Her venter vi spent på tur og heier på dama som bur på sjukeheimen.

I følgje Rammeplan skal barnehagen bidra til at barna vert kjent med og deltek i samfunnet gjennom opplevingar og erfaringar i nærmiljøet, og at dei får oppleve kva lokalmiljøet har å by på. 


Aktivitør på sjukeheimen  held nøye kontroll på poenga.
Vi ser fram til videre samarbeid og gler oss til neste gang.


torsdag 24. september 2015

«GULHARANE» PÅ UNDRINGSTUR 24.09.2015

I dag gjekk «Gulharane» på tur i lag med Marianne og Randi. Vi vil at dei skal få opplevingar og erfaringar i barnehagen sitt nærmiljø. Vi stoppa opp ved Fauskegarden, snakka litt om den og såg på treet barnehagen hadde planta ein gong. Det hadde vorte stort!!


Det hadde komt farge på blada og når vi rista på greinene, dala dei ned! Hausten er på veg og naturen held på å gjere seg klar til vinteren. Vi studerte ulike blad, såg på forma deira og at dei hadde ulike fargar. På nokre blad fann vi til og med bitte små sneglar, som måtte studerast!

 

Nede på Småbåthamna var det ein båt som kom på ein lastebil, nede i sjøen var det små og store fisker. Nokre såg sjøstjerne og skjell. Mykje å undre seg over.



Ved sjøkanten var det mange hus, det var nokon som visste at det heitte naust og at det var huset til båtane.








Vi gjekk opp forbi huset til besteforeldra til Othelia, der var det masse plommer, fisk i dammen og høner i hagen. Heldige oss fekk mate fiskane og ha med oss plommer og egg tilbake til barnehagen. 




I dag har vi utforska og oppdaga vårt eige nærmiljø.

onsdag 23. september 2015

Kaninbesøk i barnehagen!

Medan vi leika og kosa oss i haustsola ser plutselig nokre barn 
ei kanin springande over leikeplassen.

«SJÅ EI LITA KANIN!»


Alle sett fart etter den og det blir stor leiteaksjon, 
både store og små barn vil gjerne helse på den.



Kanina er litt beskjeden og gøymer seg under Solstua. 
Spennande å sjå på den.


Etter ei stund hoppar den utanfor porten og legg seg ned der. Endelig fekk alle sjå.


Vi gav den gulrot og såg på den veldig lenge. 
Til slutt hoppa den heim til nabohuset.

fredag 18. september 2015

VENNSKAP

Vennskap og tilrettelegging for gode relasjonar i barnehagen er ein føresetnad for god læring og ei oppleving av glede og meistring (R-pl).


 



Barnehagekvardagen bør vere prega av gode kjenslemessige opplevingar. Glede, humor og estetiske opplevingar må vere kjenneteikn på korleis barna har det i barnehagen. Barn kan tidleg vise at dei bryr seg om kvarandre, løyser konfliktar og tek andre sitt perspektiv. Dei kan ta omsyn og vise omsorg. Det skjer både gjennom kroppslege og språklege handlingar. Dei må få trening i å medverke til positive former for samhandling. Opplevingar av eigenverd og meistring, leik med jamaldringar og tilhøyrsle i eit positivt fellesskap skal prege barnehagedagen (R-pl).

Vi har lest bøker om Karsten og Petra med tema vennskap. Vi snakkar om korleis venner skal vere mot kvarandre. Det er viktig å hjelpe kvarandre, å samarbeide og vere snill mot kvarandre. Vi syng songen «Skal vi være venner», og gler oss til å sjå dvd om Karsten og Petra.