NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 29. september 2015

Humlene på jakt etter haustteikn!

Måndag 28.september gjekk humlene på tur oppover i Vatnebygda for å sjå etter haustteikn.

Vi har tema haust og vi ville sjå om det er tydelig i naturen at hausten er på veg. Det var mykje spennande å sjå i grøftene oppover bygda. Vi såg blad med fine fargar som hadde falt ned frå trea og rognebær høgt i eit tre som vi plukka ned. Naturen viste oss både haust og sommar, og det var spennande.


Vi fant rognebær, dei var fristande og raude. Nokre ville smake, men det smakte ikkje godt!


Vi studerte gras og blad i grøfta for å sjå på fargane.
Graset er veldig grønt enda, medan nokre av blada hadde bytta farge til brun. Kvifor blir dei brune?


Vi plukka blad frå tre for å sjå på fargane og kjenne om dei var mjuke eller harde.
Kvifor blir dei så harde – da?


Ein kjekk tur ilag med 9 nysgjerrige og undrande barn.

REVANE PÅ BESØK TIL SJUKEHEIMEN




Siste måndagen i månaden legg Revane turen til sjukeheimen for sosialt samvær saman med dei som bur der. 

I dag var det bowling som stod på planen, samt bordaktivitetar, men først måtte vi ha litt mat i magen.



Her venter vi spent på tur og heier på dama som bur på sjukeheimen.

I følgje Rammeplan skal barnehagen bidra til at barna vert kjent med og deltek i samfunnet gjennom opplevingar og erfaringar i nærmiljøet, og at dei får oppleve kva lokalmiljøet har å by på. 


Aktivitør på sjukeheimen  held nøye kontroll på poenga.
Vi ser fram til videre samarbeid og gler oss til neste gang.


torsdag 24. september 2015

«GULHARANE» PÅ UNDRINGSTUR 24.09.2015

I dag gjekk «Gulharane» på tur i lag med Marianne og Randi. Vi vil at dei skal få opplevingar og erfaringar i barnehagen sitt nærmiljø. Vi stoppa opp ved Fauskegarden, snakka litt om den og såg på treet barnehagen hadde planta ein gong. Det hadde vorte stort!!


Det hadde komt farge på blada og når vi rista på greinene, dala dei ned! Hausten er på veg og naturen held på å gjere seg klar til vinteren. Vi studerte ulike blad, såg på forma deira og at dei hadde ulike fargar. På nokre blad fann vi til og med bitte små sneglar, som måtte studerast!

 

Nede på Småbåthamna var det ein båt som kom på ein lastebil, nede i sjøen var det små og store fisker. Nokre såg sjøstjerne og skjell. Mykje å undre seg over.



Ved sjøkanten var det mange hus, det var nokon som visste at det heitte naust og at det var huset til båtane.








Vi gjekk opp forbi huset til besteforeldra til Othelia, der var det masse plommer, fisk i dammen og høner i hagen. Heldige oss fekk mate fiskane og ha med oss plommer og egg tilbake til barnehagen. 




I dag har vi utforska og oppdaga vårt eige nærmiljø.

onsdag 23. september 2015

Kaninbesøk i barnehagen!

Medan vi leika og kosa oss i haustsola ser plutselig nokre barn 
ei kanin springande over leikeplassen.

«SJÅ EI LITA KANIN!»


Alle sett fart etter den og det blir stor leiteaksjon, 
både store og små barn vil gjerne helse på den.



Kanina er litt beskjeden og gøymer seg under Solstua. 
Spennande å sjå på den.


Etter ei stund hoppar den utanfor porten og legg seg ned der. Endelig fekk alle sjå.


Vi gav den gulrot og såg på den veldig lenge. 
Til slutt hoppa den heim til nabohuset.

fredag 18. september 2015

VENNSKAP

Vennskap og tilrettelegging for gode relasjonar i barnehagen er ein føresetnad for god læring og ei oppleving av glede og meistring (R-pl).


 



Barnehagekvardagen bør vere prega av gode kjenslemessige opplevingar. Glede, humor og estetiske opplevingar må vere kjenneteikn på korleis barna har det i barnehagen. Barn kan tidleg vise at dei bryr seg om kvarandre, løyser konfliktar og tek andre sitt perspektiv. Dei kan ta omsyn og vise omsorg. Det skjer både gjennom kroppslege og språklege handlingar. Dei må få trening i å medverke til positive former for samhandling. Opplevingar av eigenverd og meistring, leik med jamaldringar og tilhøyrsle i eit positivt fellesskap skal prege barnehagedagen (R-pl).

Vi har lest bøker om Karsten og Petra med tema vennskap. Vi snakkar om korleis venner skal vere mot kvarandre. Det er viktig å hjelpe kvarandre, å samarbeide og vere snill mot kvarandre. Vi syng songen «Skal vi være venner», og gler oss til å sjå dvd om Karsten og Petra.



torsdag 17. september 2015

Brannvernveke og brannbilen på besøk i barnehagen.


Denne veka er det den nasjonale brannvernveka i heile Norge og vi har tema brannvern i barnehagen. Brann er spennande, men også veldig skremmande for mange av borna. Vi prøver å skape tryggheit og ro rundt temaet slik at alle veit kva dei skal gjere når brannalarmen går her i barnehagen. Vi pratar om brann, brannalarm, brannbil og møtestadane våre ute om brannalarmen gjeng. Vi ønskjer at alle skal føle seg trygge på kva ein røykvarslar er og lyden den lagar om det brenn. Det er også viktig at alle skal vite kva dei skal gjere om vi høyrer lyden av brannvarslaren og føle seg trygge på korleis dei skal reagere og kvar dei skal springe. Vi har faste møtestadar ute for dei ulike avdelingane, Bikuba skal møtast i sandkassa og Maurtua ved vennedissa. Det er også viktig at ingen gøymer seg, så det snakkar vi mykje om. 
Sist, men ikkje minst syng vi "Når det brenner" og "Bæ-bu sangen" som handlar om kva vi skal gjere når det brenn, og snakkar om telefonnummeret til brannvesenet som er 110!
Vi ventar spent på brannøving i barnehagen!

BRANN - SANG
Mel: Fader Jakob
Når det brenner, når det brenner.
Kva gjer du, kva gjer du?
Ringer brannstasjonen,
ringer brannstasjonen.
1-1-0, 1-1-0.
......................
En brann er ikke tull 
Du må ringe 1-1-0 
Liten glo blir fort til flamme 
Du må ringe med det samme 
Så før brannen står for full, 
og du mister gods og gull 
Må du ringe 1-1-0 




Onsdag 16. september hadde vi besøk av brannbilen, dette hadde vi gleda oss til sidan omtrent i fjor og det var stor stas for alle barna. Alle hadde stor respekt for både brannbilen og brannmennene som var med. Alle borna som hadde lyst fekk sitte på ein tur opp Ulvestadvegen og rundt gjennom Vatne sentrum, dette var veldig spennande! 
Vi fekk prøve brannhjelmar, sjå på utstyret deira og høyre om brannvern frå ekte brannmenn. 





fredag 4. september 2015

Nøtteliten på tur

Den nyaste og minste avdelinga vår heiter 
NØTTELITEN. (barnehageåret 15-16.) 
På Nøtteliten går det 9 barn født i 2014. Dei held til på Vatne helsehus.



No er tilvenninga kome godt i gang og for kvar dag vert vi litt betre kjent. 

Barn-Voksen og Barn -Barn.

"Tidlege erfaringar med jamaldringar er svært viktig for samspelsevnene og gjer barnehagen til ein viktig arena for sosial utvikling, læring og etablering av vennskap."
- Rammeplan for barnehagen -

Vi har alt hatt nokre turar i nærmiljøet. 


Disse er gøy for både liten og stor. 


Kjekk leik i sandkassa. 


 Å krype på bakken er god trening for motorikken


Med gode vogner er det lett å komme seg på tur.

Det å komme seg ut på tur er også kjekt for dei minste barna i barnehagen. Barnehagen har kjøpt inn vogner med plass til fire, dette gir  oss mulighet til å komme oss på tur. Vi ønsker å komme oss mykje ut på tur i året som kjem, for å utforske og nytte dei mange fine plassane i nærområdet vårt.