NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 3. september 2015

«BLÅHARANE» PÅ EKSPEDISJON!!

I dag var det første turen vi hadde som Harar. 
Liv, som er ny i barnehagen skal vere med oss. Ho måtte få sjå litt  av det fine nærmiljøet til barnehagen. Alle fann seg ein turvenn.  


Første stopp var barneskulen. Der vart det akkurat friminutt, ingen 1. klassingar å sjå, men mange andre vi  kjente.

Vi såg kyrkja, sjukeheimen og mange sine hus.


Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar. Det var mykje å undre seg over undervegs.



Vi stoppa ved lavvoen til barnehagen. Leika i skogen. Der er det bratt og ulent terreng, men kjempespennande. Vi balanserte på steiner, gjekk i høgt gras, kraup gjennom holer, klatra og hoppa. Vi samarbeidde og hjelpte kvarandre. Gode venner bryr seg om kvarandre! Dei fleste fekk seg ei positiv sjølvoppfatning gjennom kroppsleg meistring og  fekk gode erfaringar med varierte og allsidige rørsler.


 




Når vi åt mat las Liv boka om Løveungen og Frøken Kanin. 



Kosedyrsangen

Vi er to glade kosedyr, to veldig gode venner
En løve og kanin – det er vel ikke til å tro?
Men samme hvordan allting går og samme hva som hender,
Vi vet vi har hverandre – det er trygt å være to!

Så gi meg labben – en labb det skal du få
For to er best i motvind og når dagen kjennes grå
En venn er også aller best å le og tøyse med
At du og jeg er venner, det kan hele verden se!

Når vi leker sammen, da vil dagen vår bli fin
Det vet Løvungen, det vet Frøken Kanin!
Når vi leker sammen, da vil dagen bli fin
Det vet Løvungen , det vet Frøken Kanin!

fredag 28. august 2015

Vi er i gang igjen!


HERLEGE SOMMAREN SOM ENDELEG KOM.

GURINESET VART NYTTA TIL BADING OG FISKING.


SJÅ KVA VI FANT!


SÅ KOM REGNET OG DÅ MÅTTE REGNKLEDA PÅ.

MEN MED MUSIKK PÅ TRAPPA DANSAR VI TIL:

Buggi buggi

Så tar vi høyre hånden fram
Så tar vi høyre hånden bak
Så tar vi høyre hånden fram
Og rister litt på den
Å danser buggi buggi
Å snur oss rundt i ring
Så er vi her igjen.
Å, buggi buggi buggi
Å, buggi buggi buggi
Å buggi buggi buggi
Så er vi her igjen..

                                               GOD HELG!


fredag 3. juli 2015

GLIMT FRÅ BURSDAGSFEIRING PÅ MAURTUA


NÅR VI HAR BURSDAGSFEIRING PÅ MAURTUA FÅR BORNA FIN KRONE MED NAMNET SITT PÅ 
OG KOR GAMLE DEI VERT.


VISS DEI VIL FÅR DEI OGSÅ PYNTE SEG 
MED KJOLE ELLER KAPPE.


VI PYNTAR BORDET MED DUK OG PYNT.



TIL MAT FÅR DEI SERVERT PÅSMURTE 
SKIVER SOM ER FINT PYNTA.


ETTER MATEN FÅR BURSDAGSBARNET SERVERE FRUKT TIL DEI ANDRE BARNA.


VI PÅ TRYGGHEIM BARNEHAGE ER EIN 
KVAR DAG TIL LUNSJ OG PÅ ETTERMIDDAGEN 
FÅR BARNA SERVERT FRUKT OG GRØNT ETTER MATEN.
VI SERVERER EIT RIKT UTVALG AV ULIKE FRUKTER OG GRØNSAKER.


Bli en 5 om dagen-barnehage!

onsdag 24. juni 2015

MAURTUA PÅ TUR TIL SLYNGSTAD

Det var spanande å ta buss til Slyngstad, og etter ein liten spasertur kom vi ned til fjøra J




















     
















Vi fann mykje spanande i fjøra,
blant anna  mange små 
krabbar og tanglopper. 






Merete hadde laga til langbord i naustet og serverte bollar og vaflar, det likte vi J 












Etter maten måtte nokre teste temperaturen i sjøen.




Vi fekk også tid til fjørebingo, ein fin måte å lære namnet på nye artar.


Vi hadde ein kjempefin dag i fjøra alle saman, der vi fekk gjere oss kjende med artane i fjøra. 
God motorisk trening
på variert underlag og ein fin dag for å forsterke venskap på tvers av aldersgruppene.

Takk til Merete for at vi fekk kome til Slyngstad!




mandag 22. juni 2015

Birøkterbesøk på Harestua

Sist mandag var det besøk av birøkter på Harestua. Harane har forska på planter og insekt, og ville no sjå nærare på bie og oppgåvene deira i naturen. Sidan veret har vore kaldt med regn har vi ikkje fått sett biene i aksjon, men lært litt om korleis dei arbeider i naturen, og kor viktige dei er.

Barnehagen skal og  bidra til at barna får grunnleggande innsikt i natur, miljøvern og samspelet i naturen. 




Her ser vi cellene der biene lagrar honningen.


Her ser vi litt av utstyret som vert brukt av ein birøktar. 


Vi har og laga flotte kunstverk av bier.



Vi fekk og smake på honningen, men:

 BARN UNDER 1 ÅR SKAL IKKJE HA HONNING !!!!!

fredag 12. juni 2015

REVANE OVERNATTAR I BARNEHAGEN

Endeleg er dagen komen! Overnatting i barnehagen! Det kribler i heile kroppen, for det er sååå spennande! Vi laga til sovesalen med madrasser, liggeunderlag, soveposer, nattdressar og godteposer. Aller først skulle vi ete litt mat. Ønskemenyen for kvelden var pølse med brød, kake med nonstop og potetringar. Akkurat når vi var ferdig med maten, såg vi ein gullmynt som låg på golvet! Kven hadde lagt frå seg den? Vi gjekk bort og kika, og då var det endå fleire gullmyntar som låg der. Vi lista oss vidare for å finne ut kva ditta var. Vi måtte gå opp loftstrappa! På loftet var det heilt mørkt, så vi måtte bruke lommelykt. Vi leita rundt omkring på loftet for å sjå om der var noko, og då dukka det opp ei skattekiste.  Vi fekk brev og gullmyntar frå han sjølvaste kaptein Sabeltann! Han sa at han hadde høyrt kor flinke vi var til å synge sjørøvarsangar, og at han snart ville komme på besøk. Vi skulle dele gullpengane heilt likt. Etterpå såg vi litt film og kosa oss med godteri. Etterkvart fordelte vi oss på to rom, kraup nedi soveposen, knisa, sprella og flira litt heilt til alle sovna! Vi har hatt ei super overnatting!