NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 5. juni 2015

Hinderløype

Torsdag 4.juni var ein litt annleis dag i barnehagen.
Revane (Førskuleborna) var på skulen på Førskuledag.
Difor hadde vi god plass til å boltre oss på heile dagen.


Målet med aktiviteten er å stimulere motorikk og koordinasjon.


 





mandag 1. juni 2015

Trafikkveke i Barnehagen

TUR MED TRAFIKKBINGO:
Før vi starta turen fekk barna utdelt kvar
sitt bingoark med ulike skilt på. Barna blei delt inn i grupper, så skulle dei saman finne skilta som var på arket. 
Øving på samarbeid J
Vi snakka om former, fargar, tal og kva skilta tyder.



     


 

Vi gikk opp på leikeplassen, der vi leika og laga tomatsuppe. 
Når vi kom dit, var Biene der. Det var kjekt å leike i lag J




På besøk på leikeplassen

Det er 1.juni og vi er i gang med nytt tema: 
"Naturen i nærmiljøet og kroppen vår."




I dag gjekk Biene på tur gjennom bygda og opp på leikeplassen.





På vegen såg vi blomster, sniglar og vi balanserte på fortauet.





Oppe på leikeplassen var det mange kjekke leiker.




Vi var også ei stund ilag med Revane som kom når vi var ferdig med maten. 
Dei kokte suppe og vi fekk sjå på.





Kjekk leik med store og små barnehagebarn.

AVSLUTNINGSTUR SAMAN MED 1. OG 5. KLASSE

Det er alltid spennande å skulle vere saman med fadrane og 1. klasse. Torsdag gjekk Revane først opp til skulen og inn på 1. klasse-rommet der vi lærte «1. klasse-sangen». Etterpå skulle alle gå på tur til Gurineset. Vi gjekk på ei lang, lang rekke. I Gurineset skulle vi tenne bål og grille pølser. Det smakte kjempegodt. Det var kjekt å leike ilag. Vi klatra på storesteinen, i ein stor kvisthaug, nokre fann vannløparar, og andre rulla i graset. Det har vore koseleg å samarbeide med skulen!










fredag 29. mai 2015

Humletur


Humlene på tur.
Spennande å sjå kva som er i sekken.


Det smakte godt med mat.


Sjå den fine snegelen vi fant!



Det er fin utsikt frå den nye Gapahuken til skulen.
Vi gler oss til fleire turar fram når den er blitt ferdig.

torsdag 28. mai 2015

TESTING AV BRANNSLANGEN PÅ HARESTUA

I dag testa vi brannslangen vår. 

Vi tok på støvlar, regnkle og gjorde oss klar.


Med brannslange og Zalo vart dette ein kjekk aktivitet.





Biene lærer om former



BIENE hadde i dag samling om temaet form.
Vi snakka om begrepa: TREKANT, FIRKANT OG RUNDING


Kva kan vi bygge tårn av?
Vi prøvde oss fram.



Etterpå fekk vi fargelegge dei ulike formene.