Mål for
aktiviteten:
- -
At barna får gode
erfaringar med friluftsliv og uteliv om hausten.
- -
At barna får kunnskap
om korleis ein må te seg ved bål.
- -
Barna skal få kunnskap
om korleis vi lagar kolstiftar.
- -
Barna skal få kunnskap
om korleis dei handterer speidarkniv.
- -
Barna skal få
erfaring med å lage pinnebrød på bål.
- -
At barna får
kunnskap om tresorten Lønn.
- -
At barna får
vidareutvikle kroppskontrollen, grovmotorikken, finmotorikken, rytmen og den motoriske kjensleevna.
Vi starta
aktiviteten med å finne igjen
lønnetrea som vi
hadde sett oss ut sist vi var
på tur. Vi
klipte av greiner som vi tok med
ned på stranda, og der fekk barna spikke av
barken
Når barken var
fjerna, kutta vi pinnane i rett lengde, putta dei i
blikkboksar og brende dei på bålet. Medan kolstiftane brende, leita vi etter
rognebær i skogen, men fant berre nokre få.
Og så grilla vi pinnebrød på bålet J
Slik blei resultatet av kolstiftbrenninga.
Kolstiftane nytta vi i ein formingsaktivitet dagen etter.